Stein “Happy Stone” Kuhnle har arbeidd i Kina i mange år, og er der mange gonger i året. Foto: Dag Hellesund

Møt "Kong Lykkeleg Stein" Kuhnle

Publisert

Professor Stein Kuhnle har vore så mykje i Kina at ein komite har gitt han eit eige, kinesisk namn.

I 1985 var Stein Kuhnle, både då og no professor i samanliknande politikk ved UiB, på verdskonferansen for statsvitskap i Paris. Der trefte han kinesiske statsvitarar frå Fudan university.

Seinare reiste Kuhnle sin kollega Torstein Hjellum til Fudan. Det var den første kontakten mellom UiB og det kinesiske universitetet.

- Eg sat i styret den gongen. Hjellum og eg var usamde om mykje, det trur eg han hadde vore samd i, men me var samde om at Kina var viktig, seier Kuhnle.

Hjellum døydde i 2010.

Vart han testa?
I år er det altså 30 år sidan Kuhnle for første gong hadde kontakt med kinesiske statsvitarar. No har professoren tilogmed fått eit offisielt kinesisk namn: Kong Lykkeleg Stein. Kong er eit vanleg familienamn i Kina, og var også familienamnet til Konfucius. Etter å ha gitt ut to bøker med ulik skrivemåte på namnet sat ein komite seg ned for å lage ei riktig omsetjing av namnet Stein Kuhnle. 

Denne hausten bur han tre månader i Shanghai, berre ein kort gåtur frå Fudan. Dit kom professoren første gong i 1990. Det var på den tida ein akademisk boikott av Kina, på grunn av hendingane på Den himmelske fredsplass året før. Men Kuhnle fekk aksept for å reisa.

- Då eg kom heim, skreiv eg ein rapport på ti sider. Konklusjonen min var at her var det berre å opna alle dører og vindauge, kinesarane skreik etter kontakt. Boikotten fall etter kvart vekk av seg sjølv, fortel Kuhnle.

- Korleis var det å koma til Kina i 1990?

- Det var litt anstrengt. Eg skulle halda eit foredrag om dei nordiske landa. Det første spørsmålet eg fekk var «korleis reagerte dei norske studentane på det som skjedde på Den himmelske fredsplass». Eg vart litt sjokkert. Dette var noko ein ikkje snakka om, så eg lurte på om dette var ein test, fortel Kuhnle.

Men han fortalde, og kinesaren som oversette til engelsk, oversette. I alle fall noko av det. Han sa til Kuhnle etterpå at han ikkje hadde oversett alt.

- Eg sa at det hadde eg heller ikkje rekna med. Men eg fekk vist at eg snakkar som eg gjer, og han fekk vist at han ikkje gjekk ut over dei rammene han hadde, seier Kuhnle.

Jubileumsveke
Han har hatt samarbeid med Kina og særleg Fudan i alle desse åra. Denne veka markerer Nordic Centre ved Fudan 20-årsjubileumet sitt. Onsdag er den store konferansedagen, der mange UiB-forskarar, rektor og viserektor er til stades.

Kuhnle fortel at han var tidleg med i diskusjonen rundt eit nordisk senter. Fudan hadde ein rektor som var skandinaviafrelst. Saman med representantar frå fleire nordiske utdanningsinstisujonar møttest dei i Oslo.

I dag er det norske og nordiske studentar ved Fudan, og det er til ei kvar tid 400 000 kinesiske studentar i utlandet. Dei fleste av dei studerer i USA, men ein finn òg mange i Storbritannia og Tyskland.

- Ingen har stoppa meg
Kuhnle har undervist studentar og halde foredrag på mange ulike universitet i Kina.

- Korleis er det å jobba som forskar i landet?

- Statsvitskap er nok ikkje det lettaste å forska på i Kina. Men forskarane vert oppmoda til å publisera internasjonalt for å kunne få opprykk til professor. Forskinga har vorte mindre ideologisert, det er ein enorm skilnad til det ein til dømes såg i Sovjet-tida, seier Kuhnle.

Han var på verdskonferansen i statsvitskap i Moskva i 1979. Då stilte dei sovjetiske forskarane med eit felles delegasjonspaper.

Kuhnle seier at det dei siste åra har vorte strengare i Kina. Ikkje på grunn av den til dels omstridde utdelinga av fredsprisen, men fordi president Xi Jinping har stramma til. Ein skal ikkje snakka om vestlege verdiar, og dersom ein nyttar internasjonal litteratur i undervisninga, skal ein oppgi kva litteratur dette er.

- Men eg og andre nordiske forskarar underviser om nordiske samfunn. Eg plar ha førelesingar om både fleirpartisystem, fagrørsle og opposisjon. Det er ingen som har stoppa meg, seier Kuhnle.

Redaksjonen gjer merksam på at Stein Kuhnle er styreleiar i På Høyden.

Powered by Labrador CMS