Slik såg det ut i Shanghai i 2013. Det var året med mest ureina luft i Kina. Biletet har tittelen “When the smoke came”. Foto: flickr.com/Pekka Tamminen

Sju millionar døyr for tidleg

Publisert
Shanghai:

Kvart år døyr sju millionar menneske før ein skulle venta. Årsak: Luftureining. Fleire nordisk-kinesiske forskingsprosjekt ser no nærare på kva ein kan gjera med den dårlege lufta i Kina.

60 prosent av energibruken i Kina er kol. 18,4 prosent er olje. Det sa professor Ping Jiang frå Fudan university då kinesiske og nordiske forskarar presenterte klimaprosjekta sine under Nordic Centre sitt 20-årsjubileum førre veke.

Ein har sett bileta: Kinesiske byar med eit teppe av si slags skodde, og kinesarar som brukar munnbind.

– 2013 var det verste året når det gjeld luftureining, sa Ping Jiang, og viste bilete han tok i byrjinga av desember det året.

Målte luftkvaliteten
Mette Halskov Hansen, professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo, leiar prosjektet «Airborn: Luftureining og nye visjonar om berekraft i Kina». Prosjektet sitt utgangspunkt er dei kraftige folkelege rekasjonane som har vore på luftureining i Kina dei siste åra. Forskarane bak Airborne undersøkjer om og korleis nye førestellingar og berekraft, òg utanfor den politiske sfæra, er under utvikling, og kva moglegheiter dei har til å verta realiserte. Prosjektet har i seg fleire delprosjekt. Eit av dei handlar om luftureining heime hos folk.

– Ein reknar med at sju millionar menneske døyr for tidleg kvart år på grunn av ureina luft. Halvparten av desse døyr av dårleg luft i heimane sine; kol og ved, sa Hansen.

I Zhejiang-provinsen i Kina har forskarane målt luftkvaliteten i seksti hus. Mange fyrer med ved eller kol, og forskarane ba hovudkokkane i familliane om å gå med eit apparat i eitt døger for å måla kva luft dei pusta inn.

– Zhejiang-provinsen er eit rikt område. Me ser at mange familiar òg har ein gasskomfyr. At dei framleis brukar ved til matlaging handlar om tradisjon, og om at dei synest maten smakar betre når dei lagar han på den måten, sa Hansen.

Klorparafin
Åke Bergman er professor i miljøkjemi ved Stockholms universitet. Saman med forskarar frå både Sverige og Kina ser han nærare på miljøutfordringar i Yangtze-regionen. Området rundt elva er i areal like stort som halve Sverige, og har 90 millionar innbyggjarar – inkludert storbyen Shanghai. I regionen finst både legemiddelindustri, stålverk og kjemisk industri, men òg jordbruk.

Bergman fortalte om korleis forskarane mellom anna ser på fuglelegg og sneglar for å finna ut korleis naturen vert ureina.

– Det var ein høg konsentrasjon av miljøgifter i egga. Me har aldri tidlegare sett så mykje. Særleg klorparafin var det svært mykje av, sa Bergman.

Kort- og mellomkjeda klorparafin vert brotne sakte ned i naturen. Kortkjeda klorparafin kan verta transportert langt med luft- og havstraumar, og er forbode i Noreg og mange andre vestlege land, heiter det hos miljøstatus.no.

Klorparafin er òg funne i morsmjølk. Noko av det forskarane, ifølgje Bergman, lurer på, er kva som skjer med ei kvinne sine egg før dei vert befrukta. Og kva kjemikaliar påverkar foster? Og når?

– Når det gjeld klorparafin, er dei ekstremt vanskelege å analysera. Me fann ikkje slike stoff i morsmjølk no, men eg trur det handlar like mykje om analysemetode, sa Bergman.

Spørsmålet er kva ein kan gjera. Hansen fortalde om den individualiserte ureininga, der enkeltmenneske gjer det som er bra for seg sjølv: nokre går med maske for å verna seg, andre held ungane sine inne. Ho meiner ein må sjå på korleis menneske påverkar miljøet.

Ping Jiang meiner ein må gjera to ting på ein gong:  Jobba med både lokal og global ureining samstundes.

Tjue år med Nordic Centre

Nordic Centre ved Fudan University vart opna i 1995.

Professorane Fujia Yang, Stein Kuhnle, Kjell A. Eliassen og Christoph Harbsmeier var ildsjelene bak oppstarten av senteret.

Samarbeidet var mogleg grunna Kina sin opa-dør-politikk.

28 nordiske institusjonar er i dag involvert i senteret.

Senteret sin visjon er å skape tette band mellom Kina og dei nordiske landa.

Senteret skal og fremje forståing om forsking, utdanning, handel og kultur.

I 2010 fekk senteret sin eigen bygning på Fudan University campus.

Ei rekke konferansar, seminar og felles forskingsprosjekt har blitt organisert under senteret i løpet av dei tjue åra som har gått sidan opninga.

Tjueårs-jubileet vert denne veka markert med ein festkonferanse der universitetstilsette frå ei rekke land står på deltakarlista.

Powered by Labrador CMS