Quin Shadoe overrekte æresprofessorat til Stein Kuhnle. Kuhnle vart utnemnd mellom anna fordi han er ein av grunnleggjarane av Nordic Centre ved Fudan University i Shanghai. Foto: Dag Hellesund

Æresprofessorat til Kuhnle

Publisert
Shanghai:

Kommunistpartiet sin representant på Fudan overrekte provet på at Stein Kuhnle no er æresprofessor ved Fudan universitet.

Quin Shaode er eks-chancellor ved Fudan university i Shanghai. Det betyr at han er kommunistpartiet sin representant på universitetet, og plassert over rektor. Onsdag kveld, under Nordic Centre sin jubileumsmiddag, var det han som overrekte provet på at Stein Kunhle, ein norsk professor i samanliknande politikk, no er æresdoktor ved Fudan.

Chen Zhimin, dekan ved School of International Relations and Public Affairs, karakteriserte Kuhnle som ein av «the founding fathers». Kunhle var med på å oppretta det nordiske senteret i 1995.

– Du har undervist her og fått kollegane dine i Noreg til å koma hit. Du har gjort mykje, sa Zhimin.

Takka UiB
Zhimin fortalde at Fudan bestemte i vår at Kuhnle skulle utnemnast til æresprofessor.

– Men me har halde det hemmeleg til no, smilte han.

Kuhnle sjølv er svært glad for utnemninga. Han fortalde om korleis han trefte Fudan-forskarar første gong i 1985.

– Eg trefte ein ung statsvitar i Paris. Han var berre 30 år då han vart dekan. Seinare har han hamna høgt oppe i partiet, så han har gjort det godt, sa Kuhnle.

Han sa at han håpar at ikkje berre instituttet hans, men òg universiteta vil halda fram med samarbeidet.

– Eg må òg takka UiB som har gitt meg sjansen til dette, sa Kuhnle.

– Evig vennskap
Qin Shaode sa i si helsing at kinesiske universitet vil auka samarbeidet med resten av verda. Sjølv er han 70 år no, og ikkje lenger ved Fudan.

– Presidenten vår er i Storbritannia no. Eg er stolt over at vår utveksling starta for tjue år sidan. Vennskapet mellom Fudan og nordiske universitet vil vara for alltid, sa Qin Shaode.

Viserektor Anne Christine Johannessen frå UiB er no styreleiar ved Nordic Centre, og det er UiB som for tida har det administrative ansvaret for senteret. Johannessen leia jubileumsmiddagen. BI-professor Kjell Eliassen var den første styreleiaren.

– Eg er overraska over at Nordic Centre har vekse og fått til så enorm aktivitet. Eg kan ikkje seia kor glad er eg for at me klarte dette, sa han i si helsing.

Tjue år med Nordic Centre

Nordic Centre ved Fudan University vart opna i 1995.

Professorane Fujia Yang, Stein Kuhnle, Kjell A. Eliassen og Christoph Harbsmeier var ildsjelene bak oppstarten av senteret.

Samarbeidet var mogleg grunna Kina sin opa-dør-politikk.

28 nordiske institusjonar er i dag involvert i senteret.

Senteret sin visjon er å skape tette band mellom Kina og dei nordiske landa.

Senteret skal og fremje forståing om forsking, utdanning, handel og kultur.

I 2010 fekk senteret sin eigen bygning på Fudan University campus.

Ei rekke konferansar, seminar og felles forskingsprosjekt har blitt organisert under senteret i løpet av dei tjue åra som har gått sidan opninga.

Tjueårs-jubileet vert denne veka markert med ein festkonferanse der universitetstilsette frå ei rekke land står på deltakarlista.

Powered by Labrador CMS