Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Av søknadane frå UiB er kun Rokkansenteret og Thorvald Sirnes heilt sikre på å få støtte frå FUGE-programmet etter tildelingsmøtet i Oslo 10.12. Tildelingsbudsjettet var lite og berre ein av ti søknader kom gjennom. Fleire bergensprosjekt låg imidlertid svært høgt oppe på rankinglista.
Eit av desse er Frank Nilsens prosjekt om lakselus. Han står førebels på ei venteliste, men FUGE-sekretariatet opplyser at han vil få støtte om dei får frigjort midlar ved å omrokkere i FUGE-budsjettet. Bergensmiljøa kom altså dårleg ut av denne tildelingsrunden, der ingen prosjekt direkte knytta til genetikk fekk støtte. Prosjektet til Thorvald Sirnes, “Biobanks: The Status and Construction of informed Consent”, fokuserer på sosiale og etiske konsekvenser knytta til biobankar. Han har fått 2,4 millioner til eit treårig prosjekt der ein post.doc-stipendiat skal gå inn i full stilling. Det er stor usikkerheit knytt til kva konsekvensar det har å gje ei slik blodprøve. I dei store regionale helseundersøkelsane blir folk i tillegg bedt om å fylle ut eit omfattande spørreskjema, som m.a. dekker psykologiske, sosiale og livsstilsmessige forhold. Samtidig er det uvisst korleis dette kan bli kobla til og kombinert med det genetiske i framtidige forskingsprosjekt. Dette viser at rekkevidda av det informerte samtykket blir eit sentralt problem. Kor generelt blir det forstått – og kor generelt bør det bli forstått
– Det kan også bli nokre mindre tildelingar til prosjekt støtta av EU sitt sjette rammeprogram, fortel rådgjevar i FUGE, Randi Aamodt.
Skuffa
– Vi er skuffa over at vi ikkje har fått støtte til store prosjekt på biologi og medisin, men vi må ikkje gløyme at det var fleire Bergensprosjekt som har vore høgt oppe blant dei som er klart støtteverdige - og som har blitt vurdert som å halde veldig høg kvalitet, seier Vidar Steen som representerer Vestlandet i FUGE-styret.
Steen peikar på at det var svært tronge økonomiske rammer i denne tildelingsrunden der berre 10 prosent av prosjekta fekk støtte.
– Settestyret for tildelinga sa og at det er utruleg trist at så mange utmerka prosjekt ikkje fekk støtte, seier Steen. Han seier bergensmiljøa kan håpe på fleire midlar i 2004.
– Det ein kan lese ut av denne tildelingsrunden er at det er dei store, gode miljøa som får støtte. Så vi må satse på enda tettare samarbeid og enda betre fokus, seier Steen.
Informert samtykke
– Vi skal gå inn å sjå på forståinga av det såkalla informerte samtykket til folk som gjer blodprøver til biobankar. Vi skal m.a. intervjue personar som gjer blod, forskarar i styret for biobankane og forskarar som har prosjekt som bruker biobankane. I tillegg vil vi intervjue medlemmer av dei regionale etiske komiteane, fordi disse blir sentrale i tolkinga av det informerte samtykket si rekkevidde. Undersøkinga vil gå inn i ei portefølgje av prosjekt ved Rokkansentret som handlar om sosiale, kulturelle og etiske aspekt ved moderne bioteknologi.
Usikkerheit
- Vi skal sjå på korleis folk forstår denne usikkerheita og problema som er knytt til informert samtykke. Vi skal og samanlikne med andre land, i første omgang Sverige og Storbritannia.
At FUGE vel å bruka pengar frå eit hardt pressa budsjett på forsking knytt til etiske og sosiale problemstillingar viser at det er påtrengande å få forska på dette, avslutter Sirnes.