Full stopp for LHC

Publisert

Forskarane ved CERN har gått på ein smell. Partikkelakseleratoren LHC måtte stengast og er ikkje tilbake i drift før i 2009.

Forskarane ved CERN har gått på ein smell. Partikkelakseleratoren LHC måtte stengast og er ikkje tilbake i drift før i 2009.

10. september gjekk startskotet for verdas største fysikkeksperiment av stabelen ved CERN i Sveits. Forskarane sende dei første partiklane inn i partikkelakseleratoren Large Hadron Collider (LHC) og etter nokre timar hadde strålen passert gjennom den sirkelforma tunnelen. 23. september kom meldinga om at eksperimentet hadde stoppa opp grunna ein feil i partikkelakseleratoren.

Svikt i magnetar
Sannsynlegvis skuldast svikta ein feil i ein elektrisk kontakt mellom to magnetar i sektor 3-4 i partikkelakseleratoren.

– Det er vanskeleg å seie noko meir før dei har fått varma opp att den sektoren der feilen låg. Denne prosessen vil ta tre til fire veker, seier forskar Heidi Sandaker til På Høyden i ein epost.

Ho er partikkelfysikar og post doc. ved Institutt for fysikk og teknologi, UiB, og har orkesterplass til det storstilte eksperimentet ved CERN.

Ifølge Sandaker vil ikkje LHC vere tilbake i drift før etter årsskiftet. Det tek lang tid både å varme opp magnetane og å kjøle dei ned att, og det skal også setjast av tid til reparasjonar. I tillegg er akseleratorane ved CERN slått av for å spare straum om vinteren.

Kosmisk stråling
Forskarane har store forventningar til eksperimentet som kanskje kan gje svar på kva som skjedde i den augneblinken jorda vart til. Når proton kolliderer inne i LHC skjer det med så mykje energi at det kan oppstå nye fysiske fenomen.

Og til trass for at eksperimentet nyleg fekk ein uplanlagt bråstopp, har forskarane allereie fått ei mengd med informasjon som dei no held på med å analysere.

– Det meste vi lærer no er om detektoren slik at vi kan prøve å forbetre den før vi startar igjen. Vi kjem til å halde fram med å bruke kosmisk stråling til å teste detektoren så langt det lèt seg gjere, seier Sandaker.

Powered by Labrador CMS