Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På nyåret etablerte Regjeringa Nasjonal vitskapsindeks (NVI). NVI er ein del av Cristin, den felles, nasjonale publikasjonsdatabasen for universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka. Dermed er Noreg først ute i verda med å gje innsyn på individnivå i vitskapleg publisering, ifølge Aftenposten.
På nyåret etablerte Regjeringa Nasjonal vitskapsindeks (NVI). NVI er ein del av Cristin, den felles, nasjonale publikasjonsdatabasen for universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka. Dermed er Noreg først ute i verda med å gje innsyn på individnivå i vitskapleg publisering, ifølge Aftenposten. - Noreg viser veg. Databasen gjer at vi kan sjå heilskapen i alt vi gjer innanfor forsking og publisering. Det er viktig for forskinga si eiga utvikling, samstundes som databasen gjev fullt innsyn, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland til Aftenposten. Statsråden understrekar at Cristin ikkje er meint som eit verkty til å sjekke kor mykje forskarane forskar, og at det blir opp til institusjonane sjølve kor vidt dei vil bruke informasjonen til å skaffe seg oversikt.