Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå årsskiftet er fire av dei biologiske institutta ved Mat.-nat. samla i det nye Institutt for biologi. Den nye eininga har like mange tilsette som eit mellomstort fakultet.
Det er dei tidlegare Botanisk institutt, Institutt for fiskeri- og marinbiologi (IFM), Institutt for mikrobiologi og Zoologisk institutt som no har slått sine ressursar i hop til eit stort Institutt for biologi. Molekylærbiologisk institutt er ikkje med i samanslåinga. Bakgrunnen for samanslåinga ligg i strategisk plan for omstilling og kvalitet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. I planen blir det tilrådd at grunneiningane skal bli meir fristilte frå fakultetsnivået. Det inneber mellom anna ei økonomisk fristilling der institutta blir tildelte ei samla budsjettramme som fritt kan disponerast til løn, drift eller utstyr, i tråd med instituttet sine eigne prioriteringar. – Ved å vere isolert i ulike institutt, har vi lenge stengt oss ute frå gode idéfellesskap. Samstundes tapar ein jo den tidlegare nærleiken mellom tilsette og instituttleiinga. Det vil bli ei utfordring for leiinga å vere til stades for dei tilsette, seier Giske, som vil bruke storparten av våren til å prøve å binde saman ulike instituttradisjonar og administrasjonar.
– Det er minst eit par år sidan fakultetsstyret vedtok å redusere talet på biologiske institutt til maksimalt tre. I tida etterpå har styrarane på dei ulike institutta diskutert korleis ei omorganisering best kunne gjerast, fortel professor Jarl Giske, som vart instituttstyrar ved årsskiftet.
– Det var klart relativt tidleg at Molekylærbiologisk institutt ikkje fann det føremålstenleg å vere med på ei samanslåing. Dei andre institutta vart samde om å slå seg i hop, føresett at ein også fekk til ei samlokalisering her på Marineholmen. Då ville ein likevel få god nærleik til det molekylærbiologiske fagmiljøet.
Ønskjer fristilte grunneiningar
– Dersom ei slik fristilling skal fungere, må eininga vere så stor at det er ein viss dynamikk i økonomien, forklarer Giske.
I førebuingane til fusjonen kom det fram at det var til dels store faglege overlapp mellom dei opprinnelege institutta, slik at det var mykje å hente på å organisere forskarane i nye forskargrupper. Det vil også bli lettare å utnytte kostbart vitskapleg utstyr meir rasjonelt.
Samlokalisering viktig
– Det var sjølvsagt ein del skepsis, spesielt på mitt eige institutt, IFM. Mange var redde for at det nye instituttet ville bli for stort og tungrodd, og at ein i praksis ville få ei virtuell eining der alle sat der dei alltid hadde gjort, men likevel skulle «høyre saman». Difor var samlokalisering ein heilt klar føresetnad. Samanslåinga kan revurderast etter fire år, men vi ligg allereie godt an.
Det er planlagt fleire nye blokker på Marineholmen i forlenginga av det eksisterande HIB-bygget, der dei første kan vere klare til innflytting i løpet av halvanna års tid. Samlokalisering av biomiljøa vil frigjere areal i Realfagbygget til bruk for eventuelle alternative leigetakarar.