Institutt for musikk ved NTNU har mellom anna ei svært anerkjent jazzlinje. Her er det symfoniorkesteret som øver. No diskuterer trønderane om ein skal få eitt kunstfakultet, saman med Kunstakademiet. Foto: Institutt for musikk/NTNU

Kunstdiskusjon i Trondheim

Publisert
Fusjon:

Ved NTNU vert fusjon mellom kunstfaga diskutert. Ved UiT er beskjeden frå dekan Kjell Magne Mælen klar: Kunstfaga er klåre og tydelege på at dei skal vera eige fakultet.

– Me tenkte at me skulle utnytta farten, og ikkje bruka for mykje energi på å krangla på noko som kom til å verta ein realitet. Me såg at her var det mogleg å få både ekstra pengar og nye lokale, seier Jon Arne Mogstad.

Han er professor og nestleiar ved Kunstakademiet i Trondheim, og var rektor då Kunstakademiet gjekk inn som ein del av NTNU i 1996. I tillegg har han vore professor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) i mange år.

– Minifakultet
Som På Høyden har skrive, må KHiB finna seg ein partnar. Kanskje vert det Det humanistiske fakultetet, kanskje berre Griegakademiet. Uansett skjer det no ein prosess i Bergen som allereie har vore gjennomført både i Trondheim og i Oslo.

I Trondheim vart både musikkonservatoriet og Kunstakademiet ein del av NTNU. Det var ein del av høgskulereforma midt på  1990-talet. Musikkonservatoriet og dåverande Musikkvitskapeleg institutt vart deretter slege saman i 2002, og Institutt for musikk er no ein del av Det humanistiske fakultetet. Kunstakademiet er ein del av Fakultet for arkitektur og billedkunst (AB), og heiter Institutt for billedkunst – Kunstakademiet i Trondheim.

– Eigentleg er me eit bittelite minifakultet, me har to eigne studieprogram. Arkitektur er delt i fire institutt som bidreg til den same utdanninga, seier Mogstad.

Han seier at fusjonen etter hans meining har fungert ganske bra.

– I begynnelsen var me engstelege for å verta endra på, så me sat mest mogleg i ro. Men me ser at fleire ting nok har vorte lettare når me er ein del av NTNU. Det er enklare å koma i kontakt med toppen av NTNU enn med toppen av Kunnskapsdepartementet, som me måtte før. Då tenkjer eg både på å få nye lokale, men òg på prosessen med å få på plass nye masterprogram. Sidan me er ein del av eit universitet, er det noko som kan verta bestemt lokalt.

Vil samlokaliserast med seg sjølve
Ved NTNU går det føre seg fleire prosessar. Det eine er fusjonsprosessen, der det er bestemt at NTNU skal fusjonera med høgskulane i Gjøvik, Ålesund og Sør-Trøndelag. Samstundes har det vorte laga modellar for ei ny campus-løysing i Trondheim.

– Me er først og fremst interesserte i å verta samlokalisert med oss sjølve, seier Trine Knutsen.

Ho er instituttleiar ved Institutt for musikk, og fortel at musikkmiljøet ved NTNU er spreidde på fleire lokalitetar i byen. Men samstundes eksisterer det som vert kalla KAM. Det er ei konseptskisse for å samlokalisera kunst, arkitektur og musikk.

– Det er fleire ulike løysingar som vert diskutert, og alt er førebels veldig ope. Eit alternativ er å ta inn Kunstakademiet som ein del av HF, eit anna alternativ er å slå saman HF og AB, seier Knutsen.

– Me kan verta ein del av HF. Det er ei løysing som ikkje er diskutert noko særleg endå, men det skremmer oss ikkje, seier Mogstad.

– Kva bør KHiB gjera?

– Det er vanskeleg å seia, eg har ikkje noko bombastisk svar. Men eg synest dei bør vera ein del av det same fakultetet som Institutt for musikk.

Eit av argumenta som vert brukt ved UiB, er samarbeid. Mogstad fortel at mellom Kunstakademiet og arkitektur-institutta er det ikkje så mykje samarbeid som ein kanskje skulle tru.

– Me har eit fellesemne som heiter Kunst og fellesskapets rom, det har me hatt i ti år. Det skulle etter planen verta eit masterprogram, men det har me ikkje lukkast med. Men me har eigentleg alle føresetnader for å jobba saman om kunst i det offentlege rommet, seier professoren.

Eige fakultet ved UiT
– Me har vore klåre og tydelege på at me skal vera eit eige fakultet. Så får me sjå korleis det går ved neste korsveg, men erfaringa til no frå korleis ein universitetsorganisasjon fungerer, tyder på at me ikkje har noko å tena på å vera ein del av eit anna fakultet.

Det seier Kjell Mage Mælen, dekan ved Det kunstfaglege fakultetet ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. Kunstfak har to deler: Musikkonservatoriet og Kunstakademiet, og fakultetet vart oppretta då Høgskolen i Tromsø fusjonerte med universitetet i 2009.

Mælen fortel at det var dei som ymta om om at dei skapande og utøvande kunstfaga skulle inn under det som heiter Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning (HSL). konklusjonen var eintydig, og det vart oppretta eit kunstfagleg fakultet, der forfattarstudiet frå HSL òg kom inn.

– Korleis samarbeider kunstfaga?

– Me har eit tett leiingssamarbeid, det vert samarbeidd tverrfagleg om mellom anna forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Me profitterer klart og eintydig på å vera samla på eitt fakultet, seier Mælen.

Samarbeid om lærarutdanning
Kunstfak samarbeider nettopp med HSL. Kunstfag bidreg til lærarutdanningane med undervisningsressursar i musikk og drama. Mælen, som sjølv kom frå det gamle Musikkonservatoriet i Tromsø, seier at fagmiljøet der har bidrege til lærarutdanninga sidan 1994.

– Eg skal ikkje stikka under ein stol at samarbeidet til tider kan vera utfordrande. Men det er i hovudsak dei administrative sidene av det som er vanskelege, seier Mælen.

Han seier at endringar i UiT sin fakultetsstruktur ikkje var eit tema under førre rektorval. Det var heller ikkje eit tema då UiT fusjonerte med Høgskolen i Finnmark. No skal universitetet på nytt fusjonera, med høgskulane i Harstad og Narvik.

– Å gjera noko med Kunstfak har så vidt eg kjenner til ikkje vore tema denne gongen heller, seier Mælen.

 

Kjell Magne Mælen er dekan ved Kunstfak ved UiT. Han er tydeleg på at kunstfaga har det best åleine. Foto: UiT
Powered by Labrador CMS