KHiB-studentar riggar til ein installasjon på Festplassen. Årets prosjekt heiter “Floating Battle”, og opnar for publikum fredag. I fjor laga studentane den mykje omtala brua over Vågen. Foto: Dag Hellesund

Lovar å ta dei tilsette med på råd

Publisert

UiB skal gå vidare med planane om eit kunstnarisk fakultet saman med Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Styret vedtok òg at dei tilsette skal få ei stemme i prosessen.

Ikkje uventa vedtok universitetsstyret torsdag at UiB skal gå vidare til fase to i arbeidet med å greia ut om eit eventuelt kunstnarisk fakultet. Det er Griegakademiet, som i dag er ein del av Det humanistiske fakultetet, som i så fall skal fusjonera med Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB). Også KHiB hadde styremøte torsdag. Dei vedtok å gå vidare til fase to, skriv KHiB på eigne nettsider.

Rektor og styreleiar Gerd Tinglum seier der at KHiB har hatt ein god og open prosess med UiB, og at ein har fått på plass eit godt grunnlag for arbeidet vidare.

Vil legga vekt på dei tilsette sine meiningar
I fase to, som ein no altså skal i gang med, skal det greiast ut om dei meir praktiske sidene ved ein eventuell fusjon. Universitetsstyret skal gjera eit endeleg vedtak i møtet i byrjinga av juni 2016.

For Griegakademiet har det vore sagt at teorifaga skal verta att på HF. Men samstundes er det ikkje heilt avklart kva fag det eigentleg er snakk om.

– Eg er oppteken av delinga mellom teoretiske fag og utøvande fag. Nokre kan vera uroa for ei slik splitting. Eg føreslær at ein i fase to legg særleg vekt på det spørsmålet og trekkjer inn haldningar og meiningar fråd ei tilsette, sa professor Kjersti Fløttum i møtet.

KHiB har vore tydelege på at dette skal vera eit utøvande fakultet. Eg er heilt samd i at ei eventuell deling vert tema i fase to. Dei tilsette som vert råka at dette må verta høyrt, det er svært viktig å lytta til tilsette i ulike kategoriar. Eg ønskjer at ein slik fusjon skal skapa entusiasme i det nye fagmiljøet me lagar, elles har me ikkje oppnådd noko som helst, sa rektor Dag Rune Olsen.

I dag held Griegakademiet til på Nygård skole, men leiger òg andre lokale i sentrum. Ein fusjon med KHiB kan opna for nybygg på Møllendal, ved sidan av nybygget KHiB no får. Det kan i så fall verta eit kurantbygg, som vil seia at Statsbygg byggjer og UiB leiger.

– Statsbygg var i Bergen då aulaen opna. Me hadde då eit møte med representantar frå Statbygg og var på Møllendal for å sjå på den aktuelle tomten, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Vil ikkje splitta
I kommentarfeltet til saka «Går inn for kunstfakultet» er det fleire tilsette ved Griegakademiet som har ytra seg. Instituttrådet ved Griegakademiet har òg gått inn for ei vidare utgreiing.

Musikkterapimiljøet er både utøvande og praktisk, og dekan Margareth Hagen har tidlegare sagt at ho ikkje ønskjer at dei skal forsvinna frå HF. Professor og forskingsleiar Brynjulf Stige har tidlegare åtvara mot ein topptung prosess og sagt at musikkterapimiljøet ikkje har gitt signal om at dei ønskjer å skilja seg frå Griegakademiet, men at dei kan verta litt heimlause dersom det vert danna eit kunstfakultet med berre utøvande fag.

– Dersom me vert bedne om å velja kor me skal vera, er det ein valsituasjon me ikkje har valt, seier Stige no, og understrekar at det har fungert godt for musikkterapimiljøet å vera både ein del av Griegakademiet og Det humanistiske fakultetet, og samstundes samarbeida med Uni Helse.

– Men me har hatt ein diskusjon i fagmiljøet no, og konkluderer med at me trur det beste er å halda Griegakademiet samla. Me ser at dei utøvande komponentane er så viktige for oss at det vil vera vanskeleg å ikkje vera ein del av eit musikkakademi, seier Stige vidare.

Musikkterapi er i dag er femårig profesjonsutdanning. Stige understrekar at studentane må ha både det musikkfaglege og det helsefaglege på plass.

– Og er det mogleg å få det musikkfaglege på plass utan å vera ein del av eit musikkakademi?

Håpar på nybygg
Professoren ser fram til å få ei utgreiing i fase to. Han meiner at vedtaket i universitetsstyret, der det vart lagt vekt på at dei tilsette skal verta tekne med i den vidare prosessen, er viktig.

– Ein må ikkje ta for lett på tanken om å dela Griegakademiet. Internasjonalt er tendensen ikkje å dela, men å ha samhandling mellom kunstfeltet, samfunnet og akademia. Eg trur ikkje det er framtidsretta med eit isolert utøvande fakultet, seier Stige.

Samstundes meiner han at det er viktig å få til eit kunstnarisk fakultet, og peikar på moglegheita til å få til eit doktorgradsløp innan kunstfaga.

– Dersom ikkje Bergen lukkast med det, vil Bergen som kunstutdanningsby verta svekka, seier Stige.

– Korleis vert det å eventuelt skulle vera ein del av same fakultet som KHiB, som ikkje er like teoritunge som musikkterapi og Griegakademiet er i dag?

– Det er eit godt spørsmål, og det har ikkje vore diskutert enno. Går det an å bygga ein felles organisasjon? Det må me sjå på no i fase to, seier Stige.

Han seier at for musikkterapimiljøet vil eit bygg ved sidan av KHiB sitt nybygg på Møllendal vera svært viktig. Det vil gi nærleik til helsecampusen som er planlagt på Årstadvollen.

– Me treng Griegakademiet, men me treng helsefaga like mykje, seier Stige.

 

Powered by Labrador CMS