Steinar Sætre og Brynjulf Stige har engasjert seg i saka om ein mogleg fusjon mellom Griegakademiet og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

Ønskjer samspel, ikkje solistar

Publisert

Fleire tilsette ved Griegakademiet åtvarar mot ein rask fusjonsprosess der ein låser seg til eitt alternativ.

– Me må vera villige til å vera med på ein prosess. Men me må ha ein open prosess som ikkje låser seg før fagmiljøa får sjanse til å vera med. No er det ein topptung prosess.

Det seier Brynjulf Stige, professor i musikkterapi. Han er ein av fleire tilsette ved Griegakademiet som har sterke meiningar om den pågåande debatten om fusjon mellom Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) og Griegakademiet (GA).

Midt i juni hadde fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet sitt siste styremøte dette semesteret. Der diskuterte dei fusjon mellom KHiB og GA, og kva fagmiljø som eventuelt skal vera med over til eit eige kunstfakultet. Dekan Margareth Hagen var tydeleg på at ho ikkje vil gi frå seg musikkterapi og musikkvitskap. Men Randi Rolvsjord, som er førsteamanuensis i musikkterapi i Griegakademiet sin representant i styret, åtvara mot å skilja teoretiske og utøvande fag.

Ønskjer kunst-ph.d.
– For oss er det ikkje lett å skilja teori og praksis, og eg trur ikkje det er framtidsretta heller. Eller for å seia det på ein annan måte: I musikkterapifaget heng akademisk praksis og musikalsk praksis saman. Me har slett ikkje gitt signal om at me ønskjer å skilja oss frå Griegakademiet, men dersom det vert danna eit kunstfakultet med berre utøvande fag kan me verta litt heimlause, seier Stige.

Han seier at kunst og vitskap må sidestillast, og at musikkterapi ikkje kan vera ein del av eit fakultet der vitskapen vert marginalisert.

– Dagens løysing, der Griegakademiet er ein del av HF, er ikkje så dum for musikkterapi. Men som ein del av nettopp Griegakademiet må me ta på alvor at innan kunstfeltet er synergiar ganske viktig no, til dømes arbeidet med å få til ein doktorgrad innan kunst, seier Stige.

Han får støtte frå Hans Knut Sveen, som er førsteamanuensis ved Griegakademiet, med cembalo som hovudinstrument.

– Det har ikkje vore nokon sterk tradisjon for samarbeid mellom oss og Kunsthøgskolen. Men gjennom Program for kunstnerisk utviklingsarbeid har det vorte meir kontakt enn tidlegare, og  eit godt utgangspunkt for å tenkja fagleg samarbeid, seier Sveen.

Han seier at når det gjeld ein eigen doktorgrad innan kunst, er det institusjonane sine storleikar som så langt har stoppa det.

– Ved å spela korta rett kan ein få det volumet som skal til.

– Verken begeistra eller skeptiske
Men Sveen meiner ikkje at ein fusjon er det beste uansett. Han seier at ein no er i fasen der ein må gjera strukturelle undersøkingar.

– Dei tilsette er verken begeistra eller skeptiske. Dei er opptekne av at kva me enn gjer, så må det vera ei styrking av Griegakademiet.

Førsteamanuensen er kritisk til det som kom fram i fakultetsstyret: Styret var tydelege på at dei ønskjer at KHiB vert ein del av HF. Det vart sagt at det er noko KHiB sjølve ikkje ønskjer, men styret sitt vedtak var at dei ønskjer å stoppa prosessen og greia ut eit alternativ tre: KHiB som ein del av HF. Dei to andre alternativa er KHiB og GA som eigen institusjon eller eit kunstfakultet ved UiB.

– Når styret seier det dei gjer, har dei på sett og vis lagt eit løp, seier Sveen.

Han har kommentert saka På Høyden skreiv etter møtet. Der skriv han mellom anna at «Det er ikke heldig at noe styre eller ledelse markerer en så tydelig holdning på dette tidspunktet, spesielt når en av aktørene, KHiB, kun kommer indirekte til orde. Når instituttrådet ved GA utviser lojalitet til en åpen utredning blir det problematisk når fakultetsledelsen, i en orienteringssak, legger en kraftig føring for diskusjonen. Når vi leser i På Høyden at fakultetsstyret åpenbart har konkludert på forhånd med at et fellesfakultet er den beste løsningen, så beskriver dette i tydelighet hvor fremmed Griegakademiets samlede fagmiljø er for resten av fakultetet».

Instituttleiar Frode Thorsen sa etter at vedtaket i styret var fatta at han syntest det var fleire i fakultetsstyret som syntest å vita allereie ho at den beste løysinga er at KHiB vert ein del av HF.

Føreslår to skular
– Eit forslag om deling av Griegakademiet er noko me ikkje kan forholda oss til. Det ville vera totalt uakseptabelt, seier Steinar Sætre.

– Kvifor det?

– Det handlar om faglege tilnærmingar. Alle faga hos oss har musikkfag som base.

Sætre er førstelektor. Han underviser i praktisk-pedagogisk utdanning, men han er òg jazzmusikar og underviser i jazzfag.  

Sætre har spelt inn eit konkret forslag. Han meiner at dagens humanistiske fakultet kan verte omorganisert eller omdefinert til å verta eit fakultet for humaniora og kunstfag. Under der igjen kan ein etablera to skular: School of Music og School of Visual Arts and Design.

KHiB er ei autonom eining i dag. Dersom dei skal fusjonera med Griegakademiet og HF, må ein koma denne autonomien i møte, meiner Sætre.

Han meiner at med å etablera to skular under fakultetet, kan den faglege identiteten visa att i namnet. Han lanserer òg forslag om at skulane kanskje kan få eige budsjettansvar.

– Slik eg ser det, kan dette vera ei kompromissløysing. Eg ser at det finst argument for eit eige kunstfakultet, men det vil òg ha ei kostnadsside. Ein kan ikkje berre oppretta eit fakultet, det krev mellom anna ei ny leiing og ein administrasjon.

På Høyden har vore i kontakt med leiinga ved KHiB. Svaret frå kunsthøgskulen er at dei ikkje ønskjer å uttala seg før i august.

Powered by Labrador CMS