Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tysdag skal fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet seia ja eller nei til å greia ut ein eventuell fusjon med HiB. Tilbakemeldingane frå institutta er ikkje eintydige, men «lærarinstitutta» seier nei.
HF-dekan Margareth Hagen har tidlegare sagt til På Høyden at ho trur HF-folket er ganske delt i spørsmålet om fusjon. Det har ho rett i. Men kanskje var det litt uventa at faga som kan vera ein del av lærarutdanninga er dei som seier tydelegast nei til fusjon. Verken Institutt for framandspråk eller Institutt for lingvistiske, litterære eller estetiske studium synest ei samanslåing med Høgskolen i Bergen er ein god idé.
Tilrår å seia nei
I eit ekstraordinært fakultetsstyremøte tysdag, er saka om fusjon den einaste på dagsorden. Forslaget til vedtak er at fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet meiner at det ikkje bør gjennomførast ei utgreiing av fusjon no, fordi det vil ta fokus vekk frå andre viktige pågåande prosessar som strategi 2022.
Det er rektoratet som har bede fakulteteta om å koma med ei tilbakemelding. I forslaget til vedtak frå HF, heiter det òg at dersom det vert bestemt at ein skal gjennomføra ei utgreiing, må denne vera open og grundig og ha som føresetnad at forsking og forskingsbasert utdanning ved UiB skal verta styrka gjennom ei samanslåing.
Ser ikkje at kvaliteten vil verta betre
Nettopp forsking er noko av årsaka til at fleire av institutta og fagmiljøa seier tydeleg nei til fusjon. Dei tilsette er redde for at dei vil få mindre tid til forsking, og dei ser ikkje at kvaliteten på utdanninga vil verta betre ved ein fusjon. Ved LLE har dei ulike fagmiljøa uttalt seg. Fagmiljøet i nordisk språk skriv til dømes at lærarutdanninga ved UiB er kjenneteikna med fagleg fordjuping og tett tilknytning til disiplinfaga, og ein ser ikkje korleis ein fusjon med HiB vil kunne styrka desse kvalitetane. Fagmiljøet ved nordisk litteratur skriv at eit toppstyrt fusjonsprosjekt utan støtte i fagmiljøa kan skapa konkurranse der det i dag allereie er samarbeid.
Heller ikkje Institutt for framandspråk ønskjer ein fusjon velkommen. I tilbakemeldinga heiter det mellom anna at slik dei ser det, vil ein fusjon med HiB ikkje gi auka studiekvalitet, men derimot kunne føra til ei utvatning av studiekvaliteten ved at undervisninga vert meir instrumentell for å tilpassa seg profesjonsutdanningane.
Instituttt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er heller ikkje berre positive til ei samanslåing. I tilbakemeldinga frå instituttleiar Jan Heiret heiter det at AHKR i utgangspunktet ser det som problematisk å slå saman ein høgskule som i første rekke tilbyr profesjonsutdanning med eit universitet som har som mål å fremja forsking av høg kvalitet og driva forskingsbasert utdanning. Samstundes viser han til høyringssvaret for Programutvalet for lektorutdanning ved HF. Dei skriv at dei i utgangspunktet er positive til å greia ut ein eventuell fusjon.
Eit strategisk «ja» frå GA
Ved Griegakademiet har instituttrådet sagt einstemmig «ja» til å greia ut spørsmålet om fusjon. Men, skriv instituttleiar Frode Thorsen og administrasjonssjef Kjerstin Tønseth, dette «ja» skal ein ikkje sjå på som ei tilråing om fusjon – heller at det slik situasjonen er no ville vera ein dårleg strategi å svara at ein ikkje ønskjer ei utgreiing.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium seier i si tilbakemelding at ei eventuell samanslåing med HiB ikkje vil ha store konsekvensar for instituttet. Men dei ser ein mogleg positiv ringverknad ved at høgskulen sine studentar lettare vil kunne ta kurstilbod ved FoF.