Volda-rektor Johann Roppen vurderer fleire løysingar, på same tid som HiSF-rektor Rasmus Stokke og HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt (i bakgrunnen) er i ferd med å setje kursen mot fusjon, saman med HiB.

Volda ber om råd frå departementet

Publisert

Høgskulen i Volda er i tvil om vegen vidare, og har vedtatt å spørje departementet om råd. Lengre sør har fusjonsprosjektet fått ein offisiell arbeidstittel: Vestlandshøgskulen.

På eit omframt, eller ekstraordinært, møte i Volda onsdag, vedtok styret å halde fleire mulegheiter opne for framtida:

Dei vil ha felles styreseminar med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) 10. mars. Då vil òg fusjonspartnerane til HiSF, Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) ha styremøte.

HiSF har sagt at dei er klare for fusjonsforhandlingar med HiB og HSH, men har på same tid halde døra mot Volda på gløtt.

Etter fellesseminaret skal Volda-styret ta stilling til vegen vidare.

Vil helst ha eigen flåte
Sunnmøringane skal samtidig utvikle samarbeidsplanane med Universitetet i Bergen vidare, og i møtet blei det dessutan lagt til eit nytt punkt om å kontakte Kunnskapsdepartementet for å få råd frå dei. Eit framlegg om å kontakte NTNU var framme i styret, men blei ikkje konkretisert.

Styrevedtaket inneheld heller ingenting om den planlagde Vestlandshøgskulen, der HSH, HiB og HiSF etter planen skal inngå. Men voldarektor Johann Roppen deltok 19. februar på eit videomøte med dei tre fusjonspartnerane. Dei gjorde det klart at Volda måtte komme om bord raskt, dersom dei skulle få vere med i styrehuset og stikke ut kursen for fusjons-skuta.

Vi vil vel helst ha vår eigen flåte

– Om vi kjem etterpå vil vi i beste fall bli tatt på slep i den retninga skuta går, fortel Roppen.

– Men vi vil vel helst ha vår eigen flåte, eller båt heiter det kanskje, seier rektoren, som framleis er mest lysten på sjølvstendelinja.

Men han er på same tid klar over at det skjer mykje i farvatna sør for Voldsfjorden.

– Om vi ikkje klarer å ta ei avgjerd på styremøtet 10. mars, så er det ein båt som går, seier Roppen.

Samrøystes
Volda-styret har bede styreleiar og rektor Roppen om ei vurdering av risikoen ved dei ulike alternativa, og ein statusrapport for kompetansekrava til den nye lærarutdanninga.

Det var ulike synspunkt på struktursaka i styret, fortel han, men vedtaket om vegen vidare var samrøystes.

Manglar matematikk-professor
Lærar-dekan Arne Myklebust har gått gjennom krava til dei nye mastergradsutdanningane, og det viser seg at det er særleg innan matematikk at dei slit i Volda, då dei verken har professor eller dosent tilsett.

Det er heilt sprøtt. Her driv vi og tel professorar. Kunne dei ikkje heller ha telt om vi har utdanningar som fungerer, og om studentane er nøgde med dei

– Elles har vi eit bra stort fagmiljø i matematikkdidaktikk, seier Roppen.

Men han er uviss på kor vanskeleg det er å få tak i tilsette med rette kompetansen. Minst ti prosent av fagmiljøa på lærarutdanningane vil måtte ha professorkompetanse frå hausten 2017.

– Om det berre finst fem professorar i matematikkdidaktikk i landet, og dei skal utgjere 10 prosent av fagmiljøa, så blir det berre 50 tilsette å fordele, seier han.

– Det er heilt sprøtt. Her driv vi og tel professorar. Kunne dei ikkje heller ha telt om vi har utdanningar som fungerer, og om studentane er nøgde med dei, sukkar Roppen.

Vestlandshøgskulen
Mens dei stikk ut fleire, ulike kursar for framtida i Volda, går arbeidet med fusjon vidare lenger sør. HiSF, HSH og HiB har leigd inn ekstern hjelp frå Deloitte til å leie prosessen fram mot styremøta i juni, og den fusjonerte høgskulen har fått ein offisiell arbeidstittel: Vestlandshøgskulen.

Eit arbeidstutval med Arbeidsutvalet med Terje Bjelle, viserektor ved HiSF, Tage Båtsvik, høgskuledirektør ved HSH, og Sonja Dyrkorn, høgskuledirektør ved HiB, skal til styremøta 10. mars lage eit utkast til prosjektet.

Ein føremon for prosjektet kan vere at dei har fleire universitet og høgskular framfor seg i løypa, som har vore gjennom dei same prosessane, og vurdert ulike organisasjonsalternativ og utfordringar.

Ingen interesse for Bergen
I Volda er Vestlandshøgskulen lite populær.

– Eg merker ikkje nokon interesse for Høgskolen i Bergen i det heile tatt. Men på styreseminaret 10. mars ventar eg å få kunnskap om den samanhengen Fjordhøgskolen går inn i, seier Volda-rektoren. 

Powered by Labrador CMS