Sonja Dyrkorn si stilling forsvinn frå HiB når fusjonen trer i kraft. Sjølv forsvinn ho òg - attende til UiB. Der vart ho første gang tilsett som temmeleg nyutdanna i 1999.

No skal Dyrkorn ha fusjons-ferie

Publisert

15. august vert den nye Høgskulen på Vestlandet eit naturleg tema. Men først skal høgskuledirektør Sonja Dyrkorn ha eit par veker ferie.

– Det er kjempegøy!

Sonja Dyrkorn smiler. Ho er konstituert som direktør ved Høgskolen i Bergen og blant dei som styrer fusjonsskuta. I juni vart det formelt vedteke at dei tre høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stod/Haugesund vert eitt.

Kanskje er det no det eigentlege arbeidet byrjar. For: Kven skal arbeida kor? Og med kva oppgåver? Korleis skal ein sikra at alle får løn når dei skal? Og kven skal styra den nye, store institusjonen?

Alt dette ordnar seg – frå august. Før den tid skal Dyrkorn ha eit par veker ferie.

– Då skal eg kopla heilt av, det skal brenna litt før eg svarar på epost. Det er flinke tilsette som er her når eg har ferie, så eg reknar med at dei tek kontakt dersom det er noko som verkeleg hastar, seier direktøren.

– Og så skal eg koma attende på jobb ei stund før dei fleste andre.

Alle må få løn
Høgskulen på Vestlandet vert ein realitet frå 1.1.17. Men allereie frå hausten tek eit interimstyre over styringa. Kven som skal sitja i dette styret, som så går over til å verta det første reelle styret ved den nye høgskulen, skal avgjerast 1. september.

– Valet vert avslutta denne dagen. Me deler den nye høgskulen inn i tre valkrinsar, og alle brukar sitt gjeldande valreglement. Dei tre valstyra er allereie i gang med å rekruttera kandidatar, og studentane har sine eigne prosessar, seier Dyrkorn.

Kunnskapsdepartementet skal oppnemna fire eksterne styremedlemmer og ein ekstern styreleiar. Rektor vil verta tilsett. Det skal òg etter planen skje i løpet av hausten.

– Stillinga vil verta lyst ut om lag no, og planen er at interimstyret skal kunne tilsetja rektor i oktobermøtet. Men førebels må me ta atterhald om at dette styret kan stoppa søknadsprosessen. Me måtte starta nokre prosessar før interimstyret formelt har sett godkjent-stempel på dei, det vil skje i møtet deira i september. Hadde me venta med alt, hadde me fått dårleg tid, seier Dyrkorn.

Allereie i vår byrja arbeidet med det som vert kalla sikkert drift. Det vil seia at ein måtte laga system som mellom anna sikrar at alle får løn når dei skal og at vitnemål vart skrivne ut og sendt til rette vedkomande. Det vert òg laga system som skal sikra alle tilsette same informasjon – samstundes.

– Når den nye høgskulen vert ei eining frå nyttår må me ha på plass eit nivå med stab og myndigheit som ligg over dagens tre institusjonar. Alle vil sjølvsagt frå løn frå Høgskulen på Vestlandet frå 1.januar, men det er dei som jobbar med løn ved dei tre gamle institusjonane som førebels vil gjera det i praksis, seier Dyrkorn.

Håpar å unngå støy
For ein vanleg tilsett eller student vil truleg ikkje merka så mykje til fusjonen førebels. Alle studentar som studerer ved ein av dei tre institusjonane per 1.1.17 vil ha krav på å få avslutta utdanninga si same stad som dei byrja. Difor er det heller ikkje sendt ut nokon fusjonsinformasjon til ferske studentar no.

– Men me vil sjølvsagt snakka om fusjon og framtid når me tek i mot nye studentar 15. august, seier Dyrkorn.

Vanlege tilsette vil kunne få spørsmål om å sitja i ulike grupper som skal jobba med organisering av den nye høgskulen. Men det er ikkje mange andre enn leiinga og administrasjonen som førebels kjem til å merka noko særleg til fusjonen i arbeidskvardagen.

– Til hausten startar arbeidet med plassering. Det som er sagt, er at ein skal ha tre nærregionar, som er definert som dagens institusjonar. Høgskulen vil ha fem studiestader; Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund, seier Dyrkorn.

– Det har vore støy etter fusjonar både ved nye NTNU og ved Nord universitet. Korleis skal de klara å unngå dette?

– Ein kan aldri garantera at det ikkje vert støy. Men me lærer av røynslene dei andre har gjort. Noko av det me vart tilrådd, var å ha ein fusjonsavtale på eit overordna nivå. Me har sagt at det skal vera få og store einingar på nivå to. Eg skal ikkje meina noko om kvifor dei andre har opplevd støy, men det er vanskeleg å gå attende dersom ein har sagt at noko til dømes skal ha ei gitt geografisk plassering, seier Dyrkorn.

Kor mange fakultet Høgskulen på Vestlandet skal ha, er difor ikkje avgjort endå. HiB-direktøren reknar med at arbeidsgruppene kjem til å føreslå ulike modellar. Kanskje vert det tre fakultet, kanskje fire. Det er heller ikkje avgjort kva rolle dei ulike prorektorane skal ha, og kven av dei som skal plasserast kor.

Tilbake til UiB
Sonja Dyrkorn veit at ho ikkje skal vera med vidare. Nyleg vart det kjent at ho er tilsett som ny HR-direktør ved UiB. Ho kom som assisterande fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet då ho vart tilsett som utdanningsdirektør ved HiB.

Frå 1. januar skal ho vera hundre prosent UiB-tilsett, men allereie frå 1. november byrjar ho i halv stilling ved universitetet.

– Eg vart konstituert som høgskuledirektør i februar, og allereie då visste eg at ein fusjon ville få konsekvensar for mi eiga stilling. Med tilsett rektor har ein ingen direktør. Det er òg sannsynleg at det kjem ein prorektor med ansvar for utdanning, og då vil utdanningsdirektørstillinga òg forsvinna, seier Dyrkorn.

Då stillinga ved UiB dukka opp, var det difor ikkje vanskeleg å bestemma seg for å søkja.

– Det kjem ikkje så mange slike moglegheiter. Men eg kunne tenkt meg å vera med litt lenger i prosessen ved HiB. Dei siste månadane, når eg berre skal jobba femti prosent her, er det nok fusjonsarbeidet som kjem til å vera det eg jobbar med.

Allereie før fusjonen var eit faktum har den nye utdanningsinstitusjonen testa nye arbeidsformer. Mange av møta har vorte haldne via nettløysingar som Skype. Slik vil det truleg verta på ein høgskule med store avstandar.

Dyrkorn er tydeleg på at sjølv om HiB er størst, er det tre likeverdige partnarar. Dei har vore to representantar frå kvar institusjon som har jobba med fusjonsgrunnlaget.

– Det har vore ein god og open tone. Men det er klart; HiB er dobbelt så stor som dei andre to til saman, og me har mest ressursar.

Powered by Labrador CMS