HiB ligg på andreplass blant institusjonane når arbeidsgivarar skal tilsetje. Langt bak NTNU, som vil få ei endå sterkare stilling etter ei samanslåing.

HiB er storebror på teknologar

Publisert

UiB-studentar kjem langt ned på lista når næringslivet skal rekruttere ingeniørar og teknologar. NTNU utklassar alle, men Høgskolen i Bergen ligg best an blant resten, og grusar UiB.

Ingen kjem opp mot NTNU, men HiB ligg på ein god andreplass: Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) har spurd bedriftene kva lærestader dei føretrekk å rekruttere frå. Institusjonar på førsteplass har fått tre poeng, andreplass to, og tredjeplass eitt poeng. NTNU tek store delar av kaka med 31 prosent av poenga, mens HiB får 7,1 prosent av poenga, foran Høgskolen i Oslo og Akershus samt Høgskolen i Sør-Trøndelag. Universitetet i Bergen kjem først på 11. plass blant dei 22 institusjonane som er med. På sisteplassen finn vi Høgskolen i Sogn og Fjordane. 

Tala er henta frå NHOs kompetansebarometer, som blir lagt fram i dag. Utspelet er eit klart signal frå organisasjonen om at dei støttar samanslåingspolitikken til regjeringa. 

– Vi trur samanslåing gir betre arbeidsdeling, konsentrasjon og kvalitet. NTNU har i lang tid hatt sterke, internasjonale fagmiljø og godt samarbeid med næringslivet. Mindre institusjonar bør spesialisere seg på fagområde der dei kan lukkast, seier administrerande direktør Kristin Skogen Lund til Aftenposten. 

Etter den planlagte fusjonen med Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund vil NTNU få 44,2 prosent av poenga, dersom ein slår resultata for kvar institusjon saman. 

NHOs kompetansebarometer

Over 5600 bedrifter har svart på den årlege undersøkinga. 

NIFU utfører undersøkinga på oppdrag for NHO

Kring 800 av bedriftene oppgir at lærestad er viktig når dei tilset ingeniørar. 

Rangering    
Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet 30,9 %
Høgskolen i Bergen 7,1 %
Høgskolen i Oslo og Akershus 6,6 %
Høgskolen i Sør-Trøndelag 5,5 %
Universitetet i Oslo 5,2 %
Høgskolen i Gjøvik 5,0 %
Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet 4,9 %
Universitetet i Stavanger 4,6 %
Høgskolen i Narvik 3,2 %
Høgskolen i Buskerud og Vestfold 3,1 %
Universitetet i Bergen 3,1 %
Høgskolen i Telemark 2,9 %
Høgskolen i Ålesund 2,9 %
Universitetet i Agder 2,8 %
Universitetet i Tromsø 2,5 %
Høgskolen i Østfold 2,2 %
Forsvarets ingeniørhøgskole 1,5 %
Universitetet i Nordland 1,4 %
Høgskolen i Nord-Trøndelag 1,3 %
Høgskolen i Hedmark 1,3 %
Høgskolen Stord/Haugesund 1,2 %
Høgskolen i Sogn og Fjordane 0,8 %
Powered by Labrador CMS