Det er ingen tvil om kva råd Trond Mohn (til høgre) gir til UiB-rektor Dag Rune Olsen: Slå dykk saman med Høgskolen i Bergen.

Mohn vil ha fusjon

Publisert
Struktur:

Universitetet og høgskulen bør slå seg saman av omsyn til samfunnet, meiner Trond Mohn. Men ei samanslåing er ikkje eit vilkår for framleis å støtte forskinga i Bergen, lovar han.

– Eg er veldig opptatt av utdanning. Kunnskap er eit særleg viktig element i velstanden til eit land, seier Mohn, som har gitt over ein og ein halv milliard til forsking i Bergen.

I går ga han 25 millionar kroner til ingeniørutdanninga ved høgskulen, og har tilsaman gitt 62 millionar kroner, skriv NRK.

Samanslåing for mangfald
– Eg trur det er så enkelt at det går på mangfald. Det er veldig naturleg med ei samanslåing om du tek utgangspunkt i ingeniørutdanninga. Då treng du både matematikk, fysikk og til dømes bioteknologi. Dette er kompetanse som i stor grad finst på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Og om du ser til medisin, så vil ein kanskje trenge sju ingeniørar per lege på det nye senteret for partikkelterapi, seier Mohn til På Høyden.

Med sin tunge industrierfaring er han særleg merksam på behovet for ingeniørar.

– Dei er veldig viktige, og i ingeniørfaget treng ein forskingselementet som universitetet har. Eg trur fagmiljøet vil bli vesentleg styrka ved ei samanslåing. Men dette går langt utover ingeniørfaget. I lærarutdanninga treng dei både filosofi, logikk og samfunnsvitskap, meiner Mohn.

Universitet for samfunnet
Mohn var svært ueinig med tidlegare rektor Sigmund Grønmo og strategien UiB har hatt dei siste åtte åra.

– Vi har hatt ei fornedrelsens tid på UiB, og det kan eg i grunnen ikkje få sagt nok. Ein har hatt inntrykk av at universitetet har vore til for seg sjølv, og ikkje for samfunnet. Men eg trur Dag Rune Olsen er veldig bra for universitetet, og han er på ingen måte framand for ein fusjonstanke, seier Mohn.

– Men trur du ikkje det blir vanskelegare å få dette til når det er du som foreslår det?

– Eg ser det. Og Bergens Tidende seier jo at det berre er milliardærsnakk, og då er det jo så populistisk som det kan få blitt.

– Har de forska mykje i dine selskap?

– Forsking må vere eit vidt omgrep. Vi kallar det produktutvikling, og der trur eg vi har vore veldig aktive. Vi har ikkje brukt så mange med doktorgrad, men vi har hatt god kontakt med Sintef.

– Er det eit vilkår for å få støtte frå deg at UiB utviklar seg i den retninga du vil?

– Eg har aldri gitt noko med føringar. Ein kan sjølvsagt meine at om universitetssjukehuset ønskjer seg godt utstyr, så er det òg ei føring, men det synest eg er å trekke det litt langt. Men Bergens forskningsstiftelse lever sitt eige liv, utan at eg blandar meg.

HiB-rektor Ole Gunnar Søgnen ønskjer å vekse saman med UiB.

– Vi er opptatt av å utvikle samarbeidet mot universitet sånn at vi på sikt kan vekse saman som ein institusjon, seier Søgnen til NRK.

UiB går så langt ikkje inn for fusjon, men opnar for samarbeid. Stortingsmeldinga om den nye strukturen i sektoren skal komme før påske, men debatten tek neppe slutt med det første. 

Powered by Labrador CMS