Tilsette, studentar og andre som er glade i høgskulen i Sogndal laga onsdag lenkering for å vise at dei vil hegne om studiestaden sin. Foto: Mats Jahn, Studentparlamentet

Slo ring om høgskulen

Blant studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er frustrasjonen stor. - Kunnskapsdepartementet har vore feige, seier Ingrid Moe Albrigtsen, leiar i studentparlamentet.

- Vi ville vise at vi bryr oss om høgskulen. Uansett om vi skal fusjonere eller ikkje, er det viktig å markere at vi hegnar om høgskulen, og at han betyr mykje for tilsette, studentar og andre i Sogn og Fjordane, seier Ingrid Moe Albrigtsen, leiar i studentparlamentet i Sogn og Fjordane.
 
Onsdag heldt studentparlamentet ei markering for å vise at dei vil verne om HiSF.
 
- Eg ble veldig glad for at rektor, viserektor, samskipnadsdirektør, kantinepersonell, driftspersonell, varaordførar, studentar og tilsette blei med i ringen i går, seier Ingrid Moe Albrigtsen.
 
Ho fortel at frustrasjonen blant studentane er stor.
 
- NIFU-rapporten konkluderer med at ein fusjon i hovudsak vil ha positive effektar for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette kjenner vi oss ikkje igjen i. Seks av dei åtte punkta i rapporten som seier at ein fusjon også kan ha negative konsekvensar er studentrelaterte, seier Ingrid Moe Albrigtsen.
 Kunnskapsdepartementet har ikkje sett av ein brøkdel av dei midlane som trengs for å få ein fusjon godt i hamn
 
Fryktar større avstand
Ho meiner det er problematisk at student-aspektet ikkje blir vekta tyngre.
- Vi er svært glade i tett på-kulturen og den opa-dør-politikken som finst ved HiSF. I dag har vi tilgang til dei tilsette når vi treng dei. Vi er uroa for at ein fusjon vil legge beslag på tid og ressursar hos dei som underviser oss, seier ho.
 
Ho avviser at dei fryktar HiSF kjem til å forsvinne. Ringen handla om å vise at dei bryr seg.  Og at dei redd for at noko ein er glad i, skal verte fundamentalt endra i framtida.
 

-  Seks av dei åtte punkta i rapporten som seier at ein fusjon kan ha negative konsekvensar er studentrelaterte

 
- Kunnskapsdepartementet har gått langt i å seie at alle campusar skal eksistere som før. Men det har ingen framtidige styrer ved høgskulen lova, seier Ingrid Moe Albrigtsen.
 
Vil fusjonere med UiB, men ikkje med SiB
 

«Høgskulen må utvikla tettare relasjonar til andre UH- institusjonar i framtida og utvikla meir kraftfulle faglege einingar enn i dag».

Det heiter det i konklusjonen i saka om strukturval, som sturet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal handsama neste veke. Forslaget til konlusjon er at  HiSF bør gå inn i fusjonsforhandligar med Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH). Men samstundes bør ein òg halda fram dialogen med Høgskulen i Volda og vera opne for å gå inn i ein høgskuleallianse. Relasjonen til UiB bør òg styrkast. 

Kva dei vil konkludere med, er enno ikkje gitt.
 
- Sett frå dykkar ståstad: Er det nokon konstellasjonar som er å føretrekke framfor andre?
- Dersom ein fusjon skulle vere tenleg, måtte eit universitet vere med på laget. Dette har hatt mykje å seie for høgskulen i Alta, som fusjonerte med mellom anna Universitetet i Tromsø. Økonomisk sett har dette mykje å seie. Det er så vidt vi torer snakke om pengar, men Kunnskapsdepartementet har ikkje sett av ein brøkdel av dei midlane som trengs for å få ein fusjon godt i hamn.
 
Dersom HiSF skal fusjonere med Høgskulen i Bergen, kan Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane bli fusjonert med SiB.
 
- Vi er ein samskipnad vi er godt nøgde med, og som driv godt. Vi er redde for at tilbodet vi har i dag skal bli svekka.
 
Må tore å vere ein liten høgskule
- HiSF vil få ei utfordring med å møte regjeringa si nye krava til lærarutdanning. Korleis ser de for dykk at desse kan verte innfridd dersom HiSF held fram som sjølvstendig høgskule?
- Lærarutdanninga er viktig, og har vore ein joker i saka. Problemet med masterlærarutdanning må løysast på eit vis. Vi meiner Kunnskapsdepartementet har vore feige, som ikkje har vore villege til å diskutere korleis vi kan nå dei nye krava gjennom ein alliansemodell før styrevedtaket 04, februar. Det gjev oss eit ekstra usikkerheitsmoment i vedtaket. Og slike usikkerheitsmoment var det nok av frå før. 
 

Vi er redde for at tilbodet vi har i dag skal bli svekka

- I eit nytt UH-kart vil HISF bli ein temmeleg liten høgskule. Er det liv laga å vere så liten?
- Vi har alltid vore små, og det har alltid vore større universitet rundt oss. No blir dei enno større. Men vi treng ikkje kjøttvekt for å bli høyrde, vi treng å bli representert. Ein må tore å vere liten, og ein må tore å ha eit særpreg.

Tidsplanen i vest

Høgskolen i Bergen (HiB), Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskolen i Sogn og Fjordane (HiSF) jobber etter følgende planskisse:

  • Fram til desember: Utredning skal være ferdig før 1. januar.
  • Januar 2016: Styrene behandler utredning og tar stilling til om det er grunnlag for fusjonsforhandlinger i januar.
  • Februar til mai 2016:Eventuelle forhandlinger om fusjon.
  • Juni 2016: Eventuell fusjon i statsråd.
  • 1. januar 2017:Ny profesjonhøgskole, etterhvert universitet, på Vestlandet realiseres.
Powered by Labrador CMS