Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Både HIV og HPV utgår.
9. juni var det parallelle styremøter ved Høgskulen i Bergen, Høgkskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her sa dei tre styra «ja» til fusjon.
Samtidig blei navnet til den nye institusjonen diskutert. Både Høgskulen i Vest og Vestlandshøgskulen var aktuelle navn då styra diskuterte saka.
I Bergen blei Vestlandshøgskulen kritisert for å vere for uformelt. Her samla styret seg om Høgskulen på Vestlandet, noko også Sogn og Fjordane ga si tilslutning til.
«Tungt og kronglete»
Styremedlem og tidlegare rektor, Jan Olav Fretland, kunne tøyle entusiasmen.
– Kan eg få lov til å seie at Høgskulen på Vestlandet er tungt og kronglete og at eg ikkje likar det i det heile teke? Dessutan kan det lett forkortast til HIV, sa styremedlem Jan Olav Fretland då styret diskuterte saka i juni.
Forkortinga HPV var også nærliggande, og med den ville den nye høgskulen ha delt navn med humant papillomavirus, betre kjent som HPV-viruset. Dette er eit virus som forårsakar vorter på fingrar og tær, celleendringar i livmorhalsen samt kreftformer i munn, svelg og hals.
No har innstillingsrådet avgjort at korrekt forkorting er HVL.
«Innstillingsrådet avgjorde på sitt møte 11. august at forkortinga til Høgskulen på Vestlandet blir HVL. Domenenamnet til den nye institusjonen blir hvl.no», melder Fusjonsinfo.no.
Fusjonsprosjektet går no over til å bli kalla for fusjonsprogrammet.
Neste møte i innstillingsrådet blir 18. august. Då blir innstillinga til prosjektorganisering avgjort, og då blir det òg klart kven som blir prosjektleiarar og delprosjektleiarar.