Styret ved Universitetet i Stavanger blei kløyvd i to då dei skulle avgjere om dei skulle gå vidare med fusjonstingingar med Høgskolen Stord/Haugesund. Foto: UiS

Stavanger delt om vidare fusjon

Publisert

Spørsmålet om vidare fusjon delar styret ved Universitetet i Stavanger i to.

Seks røysta for mens fem gjekk imot vidare fusjonstingingar med Høgskolen Stord/Haugesund: Rektor, prorektor, éin student og tre eksterne røysta for å halde fram fusjonstingingane. Dei tre tilsette representantane, den andre studenten og éin ekstern røysta mot. 

– Vi hadde gode diskusjonar i styret, kor ein sette lys på saka frå fleire sider. Det var eit knapt fleirtal for å halde fram prosessen. Styrevedtaket gir oss likevel eit klart mandat og ein kort frist for å komme i mål med tingingane. Mykje av fusjonsplattformen er allereie på plass. Vi vil no gå i dialog med HSH for å sluttføre tingingane, seier rektor og styreleiar Marit Boyesen ved UiS i ei pressemelding.

Ho vil ikkje kommentere saka nærare mens tingingane går føre seg. 

I vedtaket frå UiS heiter det at dei vil halde fram tingingane, og søkje ei konkretisering av kva prinsipp prosessen skal følgje. Dette gjeld særleg integrering av like utdanningar og fagmiljø, ein organisasjonsstruktur som fremjar fagleg integrering og robuste fagmiljø, og auka forsking. 

Styret vil og at Universitetet i Stavanger skal halde på namnet sitt, men føye til namna på studiestadane Stavanger, Haugesund og Stord, og at dei må bli einige innan fredag 19. juni. 

Dermed ser det ut som om prosessen går vidare. 

Rektor Liv Reidun Grimstvedt ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) har berre fått sett raskt på vedtaket. 

– Vi vil no gå gjennom vedtaket, og diskutere det med Universitetet i Stavanger. No har begge institusjonane sagt ja til å gå vidare med tingingar, seier ho til På Høyden. 

Ho ventar seg at ho vil diskutere saka med UiS-rektor Marit Boyesen allereie i løpet av ettermiddagen. 

Namnespørsmålet har vore eit ømt punkt, men det førre vedtaket frå HSH utelukkar ikkje namnet UiS. 

<<Styret er fortsatt av den oppfatning at det nye universitetet blir gitt et nytt navn. Styret kan akseptere at det nye universitetet beholder navnet UiS, med et tillegg som symboliserer noe nytt/inkluderer de to nye kampusene. Faglig og administrativ organisering må sikre stedlig ledelse og rammer for videreutvikling av tre levende kampus.>> heiter det i vedtaket. 

– Det viktigaste med namnet på ein ny institusjon må vere at det inkluderer alle. Men organiseringa er og viktig for heilskapen, og vi må ha system som gjer at vi kan få ein levande campus, og at vi får synergiar av ein fusjon. No må vi setje oss ned og diskutere dette vidare, seier Grimstvedt. 

– Vedtaket til UiS splitta styret. Er det eit problem for prosesssen?

– Eit vedtak er eit vedtak, seier HSH-rektoren. 

Powered by Labrador CMS