Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Høgskolen Stord/Haugesund har som mål å verta fusjonert med høgskulane i Bergen og Sogn og Fjordane. Men universitetstanken er høgskulestyret avventande til.
– Eg trur diskusjonen om ein skal vera høgskule eller universitet er prematur, og eg trur det kompliserer fusjonsdiskusjonen.
Det sa Åke Seiger, som er ekstern styrerepresentant, då styret ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) diskuterte saka om fusjon torsdag. Styret røysta, ikkje uventa, for å fusjonera med høgskulane i Bergen og i Sogn og Fjordane. I forslaget til vedtak heitte det mellom anna at ein skal bygga sterkare fagmiljø som om få år kan verta eit universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
Dette var fleire i styret kritiske til.
Vil venta
– Me veit at Høgskulen i Bergen har tankar om å verta universitet. Eg meiner diskusjonen om universitet må leggast til side no. Men kan ta han fram att om nokre år, og sjå på departementet sine nye, skjerpa krav om ei stund. Fyller me dei, er jo saka klar, sa Seiger.
Han fekk støtte frå Vigdis Vandvik, også ho ekstern representant.
– HiB er tydelege på at dei har universitetsambisjonar, og det er vanskeleg for dei å legga den tanken vegg. Eg meiner HSH kan vera med på ein slik tanke over tid.
– Me kan ta fram universitetstanken når me er komne så langt, og når tida er moden. Me må løfta oss, men me må løfta oss i den farten folk klarar, sa Ingvild Brekke Myhre, som representerer dei teknisk- og administrativt tilsette.
Noko anna styret var opptekne av, var å ta vare på undervisninga, og særleg bachelorgradene. Svein Abrahamsen, som er vararepresentant og valt av dei fagleg tilsette, stilte spørsmål ved om universitetstanken kan gå ut over kvaliteten på bachelorutdanningane.
Felles namn - og eige namn
– Det er viktig at me ser dei framtidige samarbeidspartnarane våre. Korleis kan me skapa noko alle kan vera stolte av saman? Eg trur det er viktig å bygga vidare på ein felles identitet før ein går inn i forhandlingar. Eg meiner òg at det er viktig at me får eit overbyggingsnamn på ein ny institusjon, men at namnet på dei ulike campusane kjem med under eit felles paraplynamn.
Det sa Hege Økland, som er ekstern representant.
Styret ved HSH sa i fjor vår nei til fusjon med Universitetet i Stavanger. Høgskuledirektør Tage Båtsvik sa innleiingsvis at noko av det HSH den gongen var redde for at dei ikkje ville oppnå, var å sikra seg strategisk leiing på eigne campusar.
– Ein fusjon kan gi sterkare fagmiljø og me kan vidareutvikla den regionale rolla me har. Men det er viktig at profesjonshøgskulen har fleire campusar, og at dagens høgskular vert studiestader.
Rektor og styreleiar Liv Reidun Grimstvedt peika på at det var i dette møtet styret måtte fatta eit vedtak. Kva som skjer med Høgskulen i Volda etter at dei fekk nei frå departementet til å gå vidare med alliansemodellen, meiner Grimstvedt ein ikkje kan ta omsyn til: Volda har så langt ikkje ønska å vera med i forhandlingane med dei andre tre høgskulane.