Administrerande direktør Aina Berg i Uni Research, Gunnar Birkeland og Helene Kolstø Tveito frå Uni Research Polytec gler seg til å jobbe saman. Og etter å ha slått seg saman med Uni meiner Birkeland at prosessen bør halde fram. Foto: Andreas Graven

Vil samle Vestlandet til eitt institutt-rike

Publisert

Forskingsinstituttet Polytec har allereie blitt ein del av Uni Research. Men fleire i instituttsektoren har større draumar for Vestlandet.

Forskingsinstituttet Polytec blei i fjor haust slått saman med Uni Research under namnet Uni Research Polytec AS.

– Det har vore ein veldig hyggeleg prosess, fortel Gunnar Birkeland, som har vore administrerande direktør i Polytec AS, og som no leiar selskapet som ei avdeling av Uni Research.

Det heile starta med at forskingsinstituttet Iris i Stavanger tok kontakt med Polytec for å diskutere ei muleg samanslåing. Men i Polytec fann dei ut at Uni Research var ein meir naturleg samarbeidspartner.

Komplementær forsking
Mens Polytec er meir retta mot industri og privat sektor, forskar Uni Research mykje på oppdrag av det offentlege.

– Med Uni Research kan vi få hjelp til å bli med på dei offentlege prosjekta. Og for å få tilslag på ein EU-søknad må ein vere i lag med eit stort, akademisk miljø, seier Birkeland.

Polytec har sitt utspring rundt Høgskolen Stord/Haugesund på slutten av 80-talet, der mellom andre kommunar i området og høgskulen var med som stiftarar.

Med Uni Research kan vi få hjelp til å bli med på dei offentlege prosjekta

– Polytec har fagleg aktivitet som er komplementær til oss. Vi har organisert det slikt at Polytec er eit dotterselskap der vi eig 51 prosent. I det daglege skal vi prøve å ha det meir eller mindre som ei avdeling i Uni Research, seier Aina Berg, som blir administrerande direktør i Uni Research Polytec i tillegg til direktørjobben i Uni Research.

Departementet velsignar
Det er ikkje berre lokalt på Stord og i Haugesund at dei er nøgde med samanslåinga:

– Vi har hatt møte med Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, og dei var veldig nøgde med samanslåinga, fortel Berg.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har gjort det klart at han òg ønskjer større einingar i instituttsektoren, sjølv om fokuset så langt har vore på universitet og høgskular.

Og han får full støtte frå Birkeland.

– Eg håper det ikkje stoppar med Uni Research og Polytec. Eg har veldig tru på ein sterk vestlandsallianse, der også Iris er med. Næringslivet treng alternativ, og i dag er Sintef veldig dominerande. Det må bli meir tydeleg konkurranse mellom dei store aktørane, meiner Birkeland.

Treng tyngde nasjonalt
Når han er ute hos ulike verksemder blir han stadig møtt med at dei må til Trondheim for å finne kompetansen dei treng.

– Men kompetanse som er langt vekke er ikkje alltid den beste kompetansen. Det blir feil om Noreg blir for monopolisert. Difor håpar eg at vi får til ein flott vestlandsfamilie etter kvart.

Med ein større organisasjon i ryggen trur Birkeland òg at det er lettare å få gjennomslag nasjonalt, til dømes når forskingsprogramma blir sett saman.

– Når du er stor blir du høyrd, trur han.

Det blir feil om Noreg blir for monopolisert

Iris + UiS?
Ved Iris, som opprinneleg fridde til Polytec, er administrerande direktør Ole Ringdal i gang med strukturprosessar òg. Men i første omgang er det Universitetet i Stavanger som er friaren.

– Vi gjer ei utgreiing i forhold til UiS. Det er dei som er pådrivarar, men vi ser òg behovet for å bli større, sterkare og meir robuste, seier Ringdal til På Høyden.

Iris er eit aksjeselskap der Universitetet i Stavanger og Rogalandsforsking eig halvparten av aksjane kvar.

– Kva eigarane våre vil betyr nok mykje. Men vi ønskjer å vere aktive i den konsolideringa som no føregår, og vi leitar etter mulegheiter til å blir både sterkare og større. Det har ein gong vore snakka om eit Vestlands-Sintef,  og den debatten er ikkje ferdig enno. Men i løpet av 2016 trur eg ein god del av føresetnadene for ein framtidig struktur må vere ferdige, seier Ringdal.

Fleire fusjonsplanar på vent
Ein av fleire komplikasjonar midt i diskusjonen om framtidig organisering av instituttsektoren på Vestlandet er at Universitetet i Bergen har sett i gang ei utgreiing av tilhøvet til Uni Research, som universitetet eig 85 prosent av.

Planar om å fusjonere Uni Research, Nansensenteret og Christian Michelsens Research har så langt ikkje kome særleg vidare, men er heller ikkje utelukka

Uni Research

  • Uni Research er eit forskingsselskap som er 85 prosent eigd av Universitetet i Bergen. Stiftelsen Universitetsforskning i Bergen eig resten. 
  • 75 prosent av dei 400 tilsette har doktorgrad. 
  • Selskapet omset for 400 millionar kroner årleg, og eventuelle overskot blir ført tilbake i verksemda. 
  • Uni har seks fagavdelingar: Uni Research CIPR, Uni Research Helse, Uni Research Computing, Uni Research Miljø, Uni Research Rokkansenteret og Uni Research Klima. 

Kjelde: uni.no

Powered by Labrador CMS