Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Styret ved NTNU har ikkje endeleg konkludert. Men førebels seier dei ikkje ja til fusjon med Høgskolen i Sør-Trøndelag.
Skal NTNU fusjonera med Høgskolen i Sør-Trøndelag? Det har vorte sett på som eit ikkje usannsynleg alternativ i den pågåande struktur-debatten. Men styret ved NTNU sa ikkje ja då dei handsama saka onsdag. Det skriv Universitetsavisa.
Styret ba om at alle dei tre alternativa; nullalternativet, samanslåing med Høgskolen i Sør-Trøndelag og ein fleircampusmodell med tekniske høgskular som vert integrert under NTNU, skal greiast ut. På førehand hadde rektor Gunnar Bovim gjort det klart at han førebels ikkje var klar til å anbefala eitt av alternativa.
Lang debatt
Då UiB-styret førre veke handsama ein eventuell fusjon med Høgskolen i Bergen, vart det peika på at dersom NTNU går saman med den næraste høgskulen, kan departementet pålegga UiB å gjera det same. Men rektor Dag Rune Olsen sa at han hadde høyrt at det var stor motstand mot fusjon i deler av NTNU-miljøet.
Det viste seg òg i styremøtet, skriv Universitetsavisa.
Debatten varte i to og ein halv time. Konklusjonen vart at ein vil be om utgreiing av alle dei tre alternativa, men at ein vil ha grundigare utgreiing av det såkalla nullalternativet, altså at NTNU vert ståande åleine, enn det som låg ved sakspapira.
Matematikkprofessor Helge Holden var i møtet skeptisk til ein fusjon. Ifølgje Universitetsavisa meiner han at ein fusjon med HiST ikkje er uproblematisk.
–Det er store skilnader i strukturane og i samfunnsoppdraga til dei to institusjonane, som ein ikkje kan snakka seg vekk frå.
Kari Melby, prorektor for forsking, var skeptisk til å stå åleine.
–Kva vert konsekvensen av å halda fram som no? Kva dersom HiST byggjer opp forskingskompetansen sin på ulike område, kan me leva med det? Kva skjer dersom det vert bygd opp eit stort teknisk forskingsuniversitet på Austlandet, der HiST deltek?
I forslaget til høyringsnotat, som styret fekk, heiter det at ein fusjon vil gi forskina ved HiST eit kvalitetsmessig løft, men kunne vera utfordrande for NTNU.
«Det kan svekke den internasjonale orienteringen, og det kan komme utfordringer knyttet til ressursfordeling mellom utdanning og forskning, og til avtaleverk om vitenskapelig ansattes forskningstid».
Utsett frist
Også Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) har vore i kontakt med NTNU. Men rektor Gunnar Bovim sa til universitetsstyret at han meiner at NTNU har eit anna samfunnsoppdrag enn HiNT. Tidlegare har det òg vore snakk om fusjon med Sintef. Men Sintef sa nei.
–Eg trur styrken i samarbeidet ligg i at me er to uavhengige institusjonar med ulik eigenart som samarbeider. Det skaper ein dynamikk ein vil missa om me vert slegne saman, har Sintef sin konsernsjef Unni Steinsmo sagt til Universitetsavisa.
Høgskulane i Gjøvik, Ålesund og Narvik har òg tidelgare varsla at dei ønskjer å diskutera fusjon med NTNU.
Frist for å senda inn innspel til regjeringa var 31. oktober. Men NTNU er blant dei som har fått utsett frist. Planen er at stortingsmeldinga om struktur i høgare utdanning skal leggast fram i mars, slik at ho kan handsamast i Stortinget i løpet av våren 2015. Bakgrunnen for saka er mellom anna tilstandsrapporten som vart lagt fram i mai, som viste at Noreg har for mange små institusjonar som ikkje held god nok kvalitet.