Torbjørn Røe Isaksen har gått bort frå ideen om å berre ha eitt universitet i Nord-Noreg.

Nord-Noreg blir likevel ikkje eitt universitet

Publisert

Torbjørn Røe Isaksen legg bort tanken om å samle heile Nord-Noreg til eitt universitetsrike.

– I denne omgang er det mest fornuftig å byggje to universitet som kan utfylle kvarandre, seier kunnskapsministeren til Avisa Nordland.

Han har tidlegare signalisert at det kunne bli aktuelt å samle heile landsdelen under eitt universitet. Ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet har dei vore positive til å samle alt i ein institusjon, mens vetlebror Universitetet i Nordland har saman med lokalmiljøet vore negative til å hamne under Tromsø.

Glad rektor
– No er eg glad! seier Bodø-rektor Pål Pedersen til Avisa Nordland.

Han har venta at ideen om berre eitt universitet skulle bli lagd bort.

– Eg har fundert mykje på dette, og ikkje klart å sjå at eitt universitet er ein god ide. Debatten rundt dette har tatt søkjelyset bort frå det kvalitetsutviklingsarbeidet som Røe Isaksen meinte vi skulle tenkje på. No jobbar vi vidare etter det sporet vi har arbeidd etter: Å byggje kompetanse i søre del av Nord-Noreg saman med høgskulane i Nesna, Harstad og Narvik, seier Bodø-rektoren.

Kunnskapsministeren har og lagt bort ideen om å sjå på strukturen i Nord-Noreg før resten av landet. 

– I framtida må vi fortsetje å diskutere korleis vi kan oppnå eit godt utdanningssystem, men no seier vi klart at diskusjonen om eitt eller to universitet i Nord-Noreg er lagt død, seier Isaksen til NRK.

Uvisst for høgskulane
Men Isaksen let framtida til høgskulane i Nesna, Narvik og Harstad stå open. Høgskolen i Nesna, sør i Nordland, har signalisert at dei helst vil liggje under Universitetet i Tromsø, mens Harstad i Troms vil til Universitetet i Bodø.

Universitetet i Tromsø har på si side ønska å samle eit teknologimiljø i området, og dermed er særleg Høgskolen i Narvik ønska både i Bodø og Tromsø. 

Institusjonane har frist til 1. november for å melde til Kunnskapsdepartementet kva organisering dei ser for seg. 

SAKS

  • Samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og sammenslåing (SAKS) er <<superreformen>> til Torbjørn Røe Isaksen. 
  • Kunnskapsministeren har bedt institusjonene om å svare på hvilken strategisk profil de ønsker å ha i 2020, og hvor institusjonene ser for seg sin egen posisjon i et landskap med færre institusjoner og klare forventninger, både fra studenter og samfunn. 

Slik er tidsplanen for reformen: 

  • September: Møter med institusjonene
  • Oktober: Kunnskapsdepartementet mottar styrebehandlede innspill fra institusjonene (frist 1.november)
  • Desember/januar: Første utkast til Stortingsmeldingen
  • Februar/mars: Politiske avklaringer
  • Mars: Regjeringen håper å legge fram stortingsmeldingen andre halvdel av mars. KD håper at det gir Stortinget nok tid til å behandle saken i vårsesjonen 2015.
Powered by Labrador CMS