Åtvarer mot strukturendringa

Publisert

– Eg synest folk flyg for mykje i flokk i denne saka. Det er ingen som spør seg om vi faktisk får ein betre universitets- og høgskulesektor ved denne reformen, seier Senterpartiets Anne T. Wøien.

– Vi er dei einaste som tek litt til motmæle mot reformen, meiner stortingsrepresentanten frå Oppland.

Ho er særleg kritisk til at Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle ordninga med at fylkeskommunane oppnemner to av dei fire eksterne styremedlemmene til dei statlege høgskulane.

– Det fungerer jo bra slik det har vore gjort i dag, så korfor endre det? Det er viktig at det regionale nivået har noko å seie for styresamansettinga, meiner Wøien.

Vil gjere jobben sjølv
Kunnskapsdepartementet hevdar at dei vil kunne gjere jobben betre aleine, fordi dei då kan utnemnde fire eksterne representantar, og dermed få til ei god blanding av den kompetansen dei meiner trengst i styret. Departementet meiner òg at sektoren har ønskt dette, ettersom nokre høgskular har meint at ein betre kan ivareta kompetansebehovet om berre ein instans utnemner alle fire.

Lokale føringar
Kunnskapsdepartementet uttrykkjer òg at dei er skeptiske til kva fylkespolitikarar kan finne på når dei utnemner meir eller mindre lokalpatriotiske styremedlem:

«Departementet har også erfart tilfeller der eksterne styremedlemmer oppnevnt av fylkeskommunene oppfattes å komme med politiske føringer fra dem som har oppnevnt dem. Departementet forutsetter at eksterne styremedlemmer skal være fri fra pålegg fra andre i sitt styrearbeid.»

Dette er medvirkande til at departementet sjølv ønskjer å ta over denne makta, og forsikrar om at dei sjølv vil vere lydhøre for kva som trengst lokalt: «Departementet vil ved oppnevning av eksterne styremedlemmer for høyskolene legge vekt på institusjonens profil og utviklingsmuligheter, herunder lokale og regionale behov.»

Demokrati på lokalt nivå
Men Wøien godtek ikkje argumentasjonen til Kunnskapsdepartementet.

– Eg synest i utgangspunktet at fylkeskommunane framleis skal kunne utnemne styremedlem. Eg pleier på spøk å seie at eineveldet er undervurdert. Demokratiet er noko heft. Men vi synest likevel det er viktig med demokrati, òg på regionalt nivå. At vanlege folk kan påvirke det som skjer på kommune- og fylkesnivå er ein av grunnane til at vi har det så bra som vi har det her i landet, synest vi.

Ho er likevel ikkje avvisande til å endre på strukturen.

– Du må ha ei viss studentmengde for å få til ei god lærarutdanning, til dømes. Det finst ei grense for kor små ting kan bli. Det skal vere strukturendringar, men dei må komme litt frå regionalt nivå sjølv, og det må vere ei folkevald styring i det heile, seier Wøien. 

Powered by Labrador CMS