Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I dag blir det avgjort om høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund blir med vidare i prosessen mot eit stort profesjonsuniversitet på Vestlandet. Men i trivselsfylket er det mange som ikkje vil.
Styra ved dei tre institusjonane skal kvar for seg avgjere om dei vil gå inn i reelle tingingar om korleis ein framtidig institusjon. Det er venta at styra til Bergen og Stord/Haugesund røyster for forhandlingar om fusjon, men kva som skjer i Sogn og Fjordane er meir usikkert.
Slik formulerte styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seg i går, då han avslutta det felles seminaret for dei tre styra:
– Har vi gifta oss no? Nei, det trur eg ikkje vi har gjort. Har vi forelska oss? Nei, det trur eg ikkje vi har gjort, men vi kan kanskje bli det. Men uansett er vi nøydde til å bli betre kjende med kvarandre.
Du kan følgje styremøta som skal starte klokka 0900 i dag i straumen under. I tillegg sender Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund direkte frå styremøta.
Her finn du sakspapira til HiB.
Trykk her for å sjå sendinga frå HiSF sitt styremøte.
Sakspapira frå HSH ligg her. Tilrådinga i saka om fusjon er at HSH jobbar videre mot ein fusjon med ein eller fleire institusjonar på Vestlandet, og at HSH går inn i arbeidet med å utvikla ei felles fusjonsplattform for ein ny profesjonshøgskule på Vestlandet.