Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fusjonsplattforma for Vestlandshøgskulen er klar.
– Vi er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorskhøgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken, seier rektor ved HiSF, Rasmus Stokke i ei pressemelding.
Fem campusar
Forhandlingsutvalet møttest for siste gong i Bergen 3. mai for å fullføre fusjonsplattforma for Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Onsdag er fusjonsplattforma klar. Her står det at den nye institusjonen vil få fem campusar; Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal, og Førde.
Dei største profesjonsutdanningane skal bli tilbydd i alle dei tre regionane.
Ingen tilsette vil miste jobben som følgje av fusjon, men mange må rekne med at dei kan få andre arbeidsoppgåver enn før, står det i pressemeldinga.
12. mai skal avtalen behandlast av styra ved dei tre høgskulane.
Interimstyre frå hausten
Dersom styra går inn for fusjon, vil HiB, HiSF og HSH be Kunnskapsdepartementet opprette eit interimstyre med 13 medlemmer, vekta etter storleiken på høgskulane. Styret vil ta avgjerder om visjon, fagleg profil, fagleg og administrativ organisering og arbeidsoppgåvene til tilsette og leiarar.
Saka vert oppdatert