Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ingrid Moe Albrigtsen, leiar for Studentparlamentet i Sogn og Fjordane, er klar på at studentane ikkje ønskjer ein fusjon med Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen.
– Eg har studentane bak meg når ei seier dette: Dei bør takke nei til fusjon.
Det seier Ingrid Moe Albrigtsen, leiar for Studentparlamentet i Sogn og Fjordane.
Ho er lite imponert over plattforma. At studentane ikkje har ein større plass i interimstyret, er ho spesielt misnøgd med.
– Eg kan ikkje godta at studentane ikkje har minst tjue prosents representasjon. Slik planen er no, vil vi få 15,3 prosent. Lova seier tjue, men opnar for unntak. Eg meiner det er trist å starte ein fusjonert institusjon med eit unntak som ikkje kjem studentane til gode, seier ho.
Eg kan ikkje godta at studentane ikkje har minst tjue prosents representasjon
Uroleg for Samskipnaden
Studentleiaren er uroleg over kva som vil skje med studentsamskipnaden når Samskipnaden i Sogn og Fjordane skal fusjonere med Studentsamskipnaden i Bergen og Samskipnaden Stord/Haugesund.
– Det er ikkje eit einaste tilbod som skal leggjast ned her i Sogn og Fjordane, seier ho.
Etter ein eventuell fusjon vil truleg studentane ved HiSF få auka semesteravgifta med hundre kroner.
– For dei hundre kronene vil vi ha eit betra tilbod, enten i form av ein rådgjevar, tannlege, psykolog eller noko som verkeleg kjem studentane til gode.