Onsdag er det seminar for leiinga ved Høgskulen i Bergen (HiB), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH).
Statssekretær Bjørn Haugstad representerer Kunnskapsdepartementet (KD), høgskulane sin eigar. Han seier KD ikkje hadde iverksett reformprosessen, dersom dei frykta at det ikkje ville gå bra.
– Det er mykje bra på Vestlandet. Samla sett har de god tildeling frå Forskingsrådet. De har nøgde studentar, god gjennomføring, høg publisering, arbeidssame studentar. Men de har også utfordringar: Fleire av dykk slit med å få nok kvalifiserte førstevalssøkjarar per studieplass. Verken HiSF eller HSH har nok årsverk i førstestillingar innan pedagogikk til å nå krava KD stiller, seier Bjørn Haugstad.
I dag er det tilsynelatande meir prestisjefylt å forske enn å undervise. Det er ikkje bra for kvaliteten
Skjerpar krava også til universiteta
Statssekretæren står fast ved at utdanningsinstitusjonane i nær framtid vil møte skjerpa krav til utdanninga dei tilbyr studentane. Dette gjeld ikkje berre mindre høgskular. Også universiteta må innfri, seier han.
– Vi har for mange fagmiljø som tilbyr master- og doktorgradsprogram og som er forankra i for svake fagmiljøer. Intensjone våre ein ein stor heving av lista. Har de mastergrader som de veit såvidt har passert NOKUT- tilsyn, treng de ikkje vente med å gjere tiltak, er beskjeden frå Bjørn Haugstad.
Undervisning skal gje meir kred
Kunnskapsdepartementet vil også arbeide for at det å gi framifrå undervisning skal gje like mykje prestisje som det å publisere i kjende tidsskrift.
– I dag er det tilsynelatande meir prestisjefylt å forske enn å undervise. Det er ikkje bra for kvaliteten, men er ein del av ein internasjonal tendens. Universitetet i Oxford er ein av dei få som har greidd å gjere noko med det: Her gjev det høg status å undervise på bachelor-nivå, seier Bjørn Haugstad.
Slår ikkje saman institusjonar for å kutte kostnader
Bjørn Haugstad avviser at SAKS er ein spareprosess.
– Denne sektoren blir stadig dyrare for statskassa, seier Bjørn Haugstad.
– Men når fusjonsprosessen er over, vil ein få meir kvalitet for pengane.