Høgskulen i Bergen vil helst bli universitet. Høgskulen i Stord/Haugesund er svært positiv til fusjon. Høgskulen i Sogn og Fjordane er trengt opp i eit hjørne. Dei er uroa for kva ein fusjon kan føre til, men innser at dei ikkje er rigga for å halde fram aleine.
Onsdag er styra ved dei tre høgskulane samla i Bergen for å drøfte ei mogleg felles framtid.
HSH: Vil sameine Vestlandskrefter
Først ut var den mest optimistiske i forsamlinga, Tage Båtsvik.
- Vi har eit styreframlegg som seier at vi vil gå inn i arbeidet med å utvikle ein felles fusjonsplattform for ein ny profesjonshøgskule på Vestlandet.
For HSH er det viktig at dei kan behalde noko sjølvstyre og leiing lokalt.
Han viser til eit styrevedtak frå 2011, som seier at HSH vil søkje samarbeid med andre, og ein strategisk plan som held fast på den same linja.
- Vår eigen region sine behov er utgangspunkt for vårt ønskje om å bli ein del av ein Vestlandsinstitusjon, seier Tage Båtsvik.
- Vi nærmar oss snart vårt eige maksnivå
Han viser til at Haugalandsregionen har eit konjunkturutsett, men framleis konkurransedyktig næringsliv, og ein offentleg sektor med behov for arbeidskraft.
- Vi nærmar oss snart vårt eige maksnivå. Skal vi vekse, treng vi både breidde og djupne til utdanningstilbodet vårt.
Tage Båtsvik manar til samhald og samhandling for å byggge ei sterkt vestmakt.
- Vi må sameine krefter på vestlandet, slik at ikkje vår region taper i nasjonal samanheng.
HiB: Lett umotiverte til fusjon, men vil gjerne bli universitet
Mens HSH ytrar eit entusiastisk “Ja”, er stemninga ved Høgskulen i Bergen noko meir lunken.
- SAKS er ein toppstyrt og politisk initiert prosess. Dette har sjølvsagt prega og påverka motivasjonen, seier Sonja Dyrkorn.
Sonja Dyrkorn seier at HiB tidlegare har orientert seg mot UiB, for å få til eit tett fagleg og administrativt samarbeid.
- Fusjonsspørsmål har i fleire år vore på sakskartet ved HiB, seier Sonja Dyrkorn.
- Vi vil vil vere med på å bygge opp eit profesjonsuniversitet som kan vere til nytte for regionen vår
Ho seier at HiB likevel ser på nokre positive sider ved fusjon: Ein kan raskare få momentet dei treng for å bli ein fagleg tung og slagkraftig organisasjon, tett på samfunnet og næringslivet.
HiB har eit uttalt ønskje om å bli eit profesjonsuniversitet, enten aleine eller gjennom ein fusjonsprosess.
- Vi vil vil vere med på å bygge opp eit profesjonsuniversitet som kan vere til nytte for regionen vår. Vi rekrutterer frå Vestlandsregionen. Vi utdannar til Vestlandsregionen. Og vi samhandlar tett med Vestlandsregionen, seier Sonja Dyrkorn.
HiSF: Tvil og uro
Til sist gjekk ordet til Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).
- De har streta lenge i mot, og ikkje vore departementet sin yndlingshøgskule, seier Georg Arnestad.
- Vi har gjort ein nitti graders dreiing av kurs. Innstillinga vår til styrevedtaket ber også mykje preg av tvil, seier rektor Rasmus Stokke.
- Vi vil ikkje automatisk få noko løft gjennom ein fusjon. Det er ikkje biletet her. Vi må skape i lag, og byggje kvalitetane i lag, seier Rasmus Stokke.
- Vi vil ikkje automatisk få noko løft gjennom ein fusjon
Han legg ikkje skjul på at det er mykje uro i Sogn og Fjordane over korleis framtida for den gamle distriktshøgskulen vil bli.
HiSF-rektoren viser til den varsla innskjerpinga av forskriftene for å få godkjent lærarutdanninga og krav om fleire og betre mastergrader.
- Vi kan ikkje sjå føre oss ein situasjon i Sogn og Fjordane utan lærarutdanninga. Vi får gode tilbakemeldingar på den. Men den nye forskrifta utfordrar oss til å ha breiare utdanningar og høgare kompetansenivå. Vi ser også at både studentar og arbeidslivet etterspør mastergrader. Dette er noko av bakgrunnen for at vi ser at det å knytte tettare kontakt med andre lærestader kan vere naudsynt.
Han legg ikkje skjul på at det er mykje skepsis ved HiSF.
–Innstillinga ber preg av redsle for at vi ikkje skal greie oss sjølve, meir enn ein klar motivasjon om kva vi vil tjene på ein fusjon.