Høgskulen i Volda orienterer seg mot Høgskulane i Molde og på Lillehammer. Dette vart klart under styremøtet fredag. Foto: Mona Klausen

Høgskulen i Volda vil ikkje vere med i eit profesjonsuniversitet på Vestlandet

Høgskulen i Volda vil arbeide vidare med den såkalla «alliansemodellen», som betyr eit samarbeid med Høgskulen i Molde og Høgskulen på Lillehammer. Linja til UiB og Dag Rune Olsen vert heldt opa. Dette er hovudtrekka i vedtaket som eit samrøystes styre ved Høgskulen i Volda gjorde fredag.

Det var tidvis høg temperatur under styremøtet.

Høgskulen i Volda vil arbeide vidare med den såkalla «alliansemodellen», som betyr eit samarbeid med Høgskulen i Molde og Høgskulen på Lillehammer. Linja til UiB og Dag Rune Olsen vert heldt opa. Dette er hovudtrekka i vedtaket som eit samrøystes styre ved Høgskulen i Volda gjorde fredag.

Det var tidvis høg temperatur under styremøtet.

Styrerepresentant Endre Brunstad argumenterte for  at ein skulle halde fram med å greie ut alliansemodellen, samtidig som ein også skulle greie ut løysingar som innebar tettare kontakt med UiB eller med Høgskulen i Sogn og Fjordane og andre høgskular på Vestlandet.
I dette ligg ei utstrakt hand til Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund, som alt er i gang med å greie ut eit samarbeid som kan ende i ein fusjon.

I sitt innlegg hevda Endre Brunstad at det var feil å framstille andre alternativ til alliansemodellen som at Volda skal gje frå seg styringa.

Vil ikkje tape sjølvstyre
Endre Brunstad fekk motbør frå mellom anna Kristin Sørheim og Terje Heggem.

– Det er ingen grunn til å underslå at det er usemje i val av strategi her. Vi bør ikkje prøve å tilsløre denne med å utgreie alt saman, sa styrerepresentant Kristin Sørheim.

Ho heldt fram:

– Skal ein behalde ein viss grad av autonomi, og tenker at den regionale rolla er viktig, er det styringsmodell vi snakkar om. Eg tenker at alliansemodellen kan ivareta dette best.

Må stå ved avtalen med Høgskulane i Molde og Lillehammer
Styrerepresentant Terje Heggem minna på at styret tidlegare har vedtak om initiativ overfor høgskulane i Molde og Lillehammer.

– Vi må tenke litt på kva vi gjer no. Vi har tidlegare teke initiativ overfor Høgskulane i Lillehammer og Molde. Vi må vere varsame med å signalisere at vi tek eit steg tilbake, seier Terje Heggem.

Endre Brunstad argumenterte for at dette ikkje er til hinder for ei brei utgreiing:

– Når ein kjem inn i  eit styre er det vel ikkje fordi ein skal halde kjeft fordi styret har meint noko anna tidlegare, sa Endre Brunstad.

Lite entusiasme for fusjon med Bergen
Rektor og styreleiar Johann Roppen refererte til styreseminaret torsdag og diskusjonane som styret hadde hatt fredag. Roppen tolka opinionen dithen at det var liten entusiasme for eit profesjonsuniversitet å spore.

– Det å få HISF inn som alliansepartnar, hadde vore ein styrke. Mi vurdering er at ein alliansemodell er ei god ramme for eit samarbeid. Samtidig er det ei usikkerheit knytt til lærarutdanninga vår. Min konklusjon er at det er for tidleg å seie at det berre er alliansemodellen vi skal utforske med dei aktuelle partane som er inne i bildet no.

Han seier at det er lite som tyder på at det er stor entusiasme for å ta del i eit profesjonsuniversitet på Vestlandet. Dette fordi Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund har signalisert at dei utgreier i retning av fusjon.

Powered by Labrador CMS