Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Vestlandet må bli konkurransedyktig mot andre landsdelar. Høgskulen i Bergen har ein ambisjon om å bli ein del av ein sterk UH-struktur i vest, seier Ole-Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskulen i Bergen.
Før helga møtte han Liv Reidun Grimstvedt, rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund og Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. På agendaen stod utgreiinga om ein mogleg fusjon for dei tre høgskulane. Dei blei samde om at eit eksternt firma skal lage ei utgreiing der samanstilling av data og vidare analyse er det viktigaste innhaldet.
– Vi satsar på ein minikonkurranse og sender dette ut til tilbydarar i tysdag 6. oktober, seier Ole-Gunnar Søgnen.
Kuttar ikkje linja til UiB
– Når utgreiingsarbeidet med høgskulane i Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund startar, set dette ein stoppar for vidare samtalar med UiB?
– Nei. Dersom det blir slik at HiB går inn i ein ny og fusjonert institusjon, set det ikkje ein stoppar. Samtalane om eit tettare og meir forpliktande samarbeid med UiB held fram, seier Ole Gunnar Søgnen.
Blir det fusjon på Vestlandet, vil UiB dermed få ein samarbeidspartnar med store fagmiljø på Stord, i Haugesund, Sogndal og Førde.
Duka for fusjonsforhandlingar over nyttår
– Er all fusjonsmotstand ved HiB no rydda av vegen?
– Som rektor og styreleiar må eg forholde meg til styrevedtak. Vedtaka vi har gjort frå september i fjor og fram til no vil vere avgjerande for arbeidet vi no går i gang med. I ei slik sak vil det alltid vere tilhengarar og motstandarar. Så skal sjølvsagt heile organisasjonen bringast inn i dette når fusjonsforhandlingar eventuelt startar i januar/februar.
Les også: Kjenner på fusjons-presset