Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Talet på juksesaker ved UiB er relativt stabilt. Juridisk fakultet har klårt flest saker, akkurat som tidlegare år.
Til saman 162 studentar vart straffa for forsøk ved å juksa ved dei fem universiteta UiO, UiB, UiA, NTNU og UiS i 2017. Det skriv Forskarforum, som har henta inn tala.
Samla sett er tala litt høgare enn tala for 2016. Då handsama dei fem universiteta til saman 159 juksesaker. I fjor vart 168 saker handsama, og 162 av dei enda med at studentar vart straffa.
På Høyden har sett nærare på tala ved UiB. Av årsmeldinga til den sentrale klagenemnda ved UiB framgår det at nemnda i løpet av fjoråret handsama 26 juksesaker, mot 30 året før. I 16 av desse sakene fekk studenten eksamen annullert, i fem saker vart studenten også utestengt i eit semester, og i ytterlegare fem saker vart studenten utestengt i to semester.
Ingen saker vart lagt bort utan reaksjon, mot fire i 2016. Talet på saker ved UiB har vore relativt stabilt over fleire år.
Årsmeldinga fortel også at femten av sakene har oppstått ved mistanke om plagiat, medan ti saker var knytte til at studentar hadde med seg ikkje-tillatte hjelpemiddel på eksamen. Den siste saka var knytt til tekstmanipulasjon og overskriding av ordgrense i ei obligatorisk innlevering.
Heile 17 av sakene på UiB var på juridisk fakultet, ei sak var på det matematisk-naturvitskaplege fakultet og det var to saker kvar på HF- og SV-fakulteta. At juridisk fakultet ligg på topp på den lite trivelege statistikken har vore tilfelle i ei årrekkje.
Forskarforum skriv at Humanistisk Fakultet ved Universitetet i Oslo avslørte heile 70 juksesaker i 2017. Signe Thorstad i studieseksjonen seier til tidsskriftet at dei aller fleste av desse sakene er knytt til heimeeksamenar, men at dei også avslører eit par jukseforsøk på skuleeksamenar kvart semester.