Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Studentane trur at karakterpress er den viktigaste grunnen til at nokre vel å fuska. Det viser ein studie psykologiprofessor Arild Raaheim står bak. Studien viser òg at tilsette kjenner til fusk, men let vera å rapportera det.
– Hypotesa mi var at studentane kom til å oppgi tidspress som viktigaste forklaring på at nokon fuskar. Det fann eg ikkje. Derimot fekk eg ei overveldande mengde svar som sa karakterpress.
Det seier Arild Raaheim, professor ved Institutt for pedagogikk. Tidlegare i år publiserte han artikkelen «Farewell to Innocence. Plagiarism and Cheating within Higher Education in Norway». I studien artikkelen byggjer på spurte Raaheim studentar ved UiB, NHH og HiB mellom anna om kvifor dei trur nokre studentar vel å fuska. Spørsmålet var ope formulert, og mange svarte altså karakterpress. Latskap var eit anna ord som vart brukt av mange, medan tidspress kom på fjerdeplass.
– Studentane kjem frå ein røyndom både på ungdomsskulen, men særleg i den vidaregåande skulen, der karakterpresset er stort. På nokre studium treng ein gode karakterarar for å koma inn, og så held karakterpresset tydelegvis fram, seier Raaheim.
Trur på underrapportering
På Høyden har skrive om at det framleis er Det juridiske fakultetet som har flest fuskesaker ved UiB.
– Juss er kjent for å ha høgt karakter- og arbeidspress. Er det difor det er flest fuskesaker der?
– Eg skal vera forsiktig med å uttala meg bastant om andre fakultet. Men det kan vera noko ved undervisningsmiljøet som framelskar konkurranse – og då òg fusk, seier Raaheim.
Han seier at karakterpresset kan vera den ytre motivasjonen som gjer at nokre studentar fell for freistinga. Samstundes trur han det er langt fleire som fuskar enn det som vert oppdaga i dag. Mange av studentane som var med i studien innrømmer å ha fuska medan dei gjekk på vidaregåande skule, men nesten ingen innrømmer at dei har fuska som studentar.
Men kva er faktisk fusk? I artikkelen og studien skil Raaheim mellom fusk og plagiering. Dagens regelverk gjer ikkje det. Den sentrale klagenemnda handsamar saker både om eksamensfusk, men òg saker om plagiering i ulik form. Spørsmålet er om dei får alle fuskesakene på bordet sitt.
Set ned karakteren
Psykologiprofessoren trur ikkje det. I studien intervjua han òg tilsette. Mange av dei svara at dei er klare over at det går føre seg fusk, men dei rapporterer det ikkje vidare. Det forklarar dei med at dersom dei tidlegare har rapportert inn mistanke om fusk opplevde dei at reaksjonen studenten fekk ikkje stod i forhold til det han eller ho hadde gjort, å rapportera inn fusk tok mykje tid, og det tok lang tid før saka vart avgjort.
– Det fleire seier, er at dersom dei får mistanke om fusk til eksamen rappoterer dei det ikkje vidare, men dei gir heller studenten ein dårlegare karakter. Slik kan ein ikkje ha det. Dette er ein reaksjon utanfor regelverket, og gir studentane dårleg rettstryggleik, meiner professoren.
Problemet, slik han ser det, er at dagens regelverk er for ugradert og for grovt.
– I dagens regelverk er fusk og plagiering sett på som det same. Eg meiner at ein må skilja mellom fusk på eksamen og mildare former for plagiering. Når det gjeld plagiering, må ein sjå på kor alvorleg tilfellet er, og på kor langt studenten har kome i studia, seier Raaheim.
Han føreslær ei ordning med ein Academic Conduct Officer, som er vanleg mellom anna i Storbritannia. Det vil seia at studentar som vert mistenkte for plagiering først vert kalla inn til ein samtale. Dersom det kjem fram at studenten har plagiert må ein deretter signera eit brev. Der står det kva ein har gjort og kva ein har lært etterpå. Dette brevet følgjer studenten heile studietida.
– Noko plagiering skjer nok medvite, der ein ikkje vil visa at ein har henta stoff frå enkelte kjelder. Men i mange tilfelle handlar det nok òg om ei manglande forståing av kva som er andre sitt arbeid. I dag er det så mykje informasjon som er tilgjengeleg, og det er ikkje alltid lett å vita kva som er felles kunnskap og ikkje, seier Raaheim, og etterlyser meir opplæring i bruk av kjelder.
Han meiner òg at plagiering og fusk kan førebyggast gjennom å endra vurderingsformene og ha ulike eksamensformer.
Kan kjøpa ferdige oppgåver
Ved Det juridiske fakultetet vert alle innleverte studentoppgåver sendt gjennom tekstgjenkjenningsprogrammet Ephorus. Andre fakultetet og institutt brukar òg dette programmet. Raaheim åtvarar mot å tru at eit slikt program vil finna alt av plagiering.
– Dersom ein verkeleg ønskjer å omgå å verta fanga opp at eit slikt program, er det ikkje noko problem å få det til. Ei blind tru på at plagiatkontroll er vegen å gå vert feil, meiner han, og minner om at det finst firma som tilbyr ferdigskrivne oppgåver både på bachelor- og masternivå.
– Og ein kan bestilla ei oppgåve med ein gitt karakter, slik at det ikkje skal vekkja oppsikt dersom ein student som vanlegvis får C plutseleg skriv ei A-oppgåve, seier Raaheim.
– Korleis kan ein avdekka slikt fusk?
– Det er allereie no fleire fakultet som brukar ei eigenerklæring der ein må skriva under på at ein har gjort arbeidet sjølv. Kanskje det hjelper? Elles kan ein jo kalla studenten inn til ei ekstra høyring dersom ein får ein mistanke etter munnleg eksamen.
Professoren trur norske studentar fuskar langt meir enn ein kjenner til i dag.
– Dersom ein samanliknar med internasjonale universitet, skulle me hatt langt fleire saker. Nokre saker avdekkar me, men eg trur det ligg ei udetonert bombe her.