Fysikk-kvinner møtest i Bergen

Publisert

Då Anna Lipniacka oppdaga at ho var einaste kvinne ved Institutt for fysikk og teknologi i Bergen, vart ho sjokkert. Difor etablerte ho Nordic Network for Women in Physics, NorWiP.

Det første møtet i NorWiP har gått av stabelen i Bergen måndag til onsdag denne veka, og det kan ikkje utelukkast at det er første gong auditorium A i Allégaten 66 er fylt opp av hundre kvinner og berre eit par menn. Vanlegvis er kjønnsbalansen i desse lokala, som høyrer til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, ein heilt annan.

Diskriminering går under jorda

– Kvinner har vore ein del av det vitskaplege miljøet heilt frå starten, så det finst ikkje noko godt argument for å halde dei utanfor, sa Liisa Husu frå Universitetet i Helsinki i sitt innlegg om kjønn og vitskap.

Ho har skrive avhandling om skjult diskriminering i Finland.

– Finland har eit relativt likestilt samfunn med lange tradisjonar for at kvinner tek del i arbeidslivet på full tid. Men erfaringa er at når samfunnet innfører lovgjeving som skal hindre kjønnsdiskriminering, så skjer diskrimineringa i staden på meir subtile måtar som er vanskelege å avsløre, meinte ho.

– Mykje av diskrimineringa er såkalla ”non-events”: Kvinner blir ikkje inviterte eller inkluderte, og dei får ikkje informasjon om prosessar på arbeidsplassen. Dessutan ser vi at tradisjonelle kjønnsroller blir tekne med over i akademia: Ein kvinneleg professor blir behandla meir som kvinne enn som professor, fortalde Husu.


Einaste kvinne

NorWiP-konferansen har først og fremst samla kvinner frå dei nordiske landa, men også frå andre europeiske land og frå Nord-Amerika. Medan Sverige og Danmark har eigne kvinneavdelingar i sine nasjonale fysiske selskap, har ikkje Noreg noko slikt formalisert kvinnenettverk.

– Då eg kom hit til Bergen, var eg einaste kvinnelege vitskaplege tilsette ved Institutt for fysikk og teknologi. Det hadde aldri skjedd meg før, sjølv om kvinner alltid er i mindretal, fortel førsteamanuensis Anna Lipniacka.

– Det var svært spesielt, og eg bestemte meg for å gjere noko med det. Eg foreslo eit nordisk nettverk, der det første møtet skulle leggjast til Bergen, for å ruske litt opp i ting!

No er dei to kvinner ved instituttet. Saman med førsteamanuensis Dorte Madsen har Lipniacka organisert og skaffa midlar til konferansen, som hovudsakleg er finansiert gjennom NordForsk.

– Bergen er ein liten og isolert plass, og sjølv om UiB har ein god likestillingspolitikk på sentralt nivå og fakultetsnivå, tek det likevel lang tid å endre gamal tankegang ved institutta, meiner ho.


Tek vare på menns ego

Det kan ha vore i eit forsøk på endre tankeprosessar, at Liisa Husu la fram nokre av dei strategiane ho har funne at kvinner brukar for å overleve i ei mannsdominert vitskapleg verd: Dei blir supereffektive, dei kler seg diskret og legg stemma lågt, og ikkje minst: Dei vernar om egoet til sine mannlege kollegaer. Menn som blir strokne med håra, er som kjent enklare å ha med å gjere.

Powered by Labrador CMS