Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kva vil det seia å vera levande? Kan ei datamaskin bli bevisst? Korleis kan eit tre bli høgare enn ti meter? Slike spørsmål kan ein no få svar på på dei nye nettsidene Fysikknett.no. Sidene er ein del av “Synlighetsprosjektet” der formidling av fysikk står på dagsorden. Nettstaden opnar offisielt fredag 31. mai.
– Det nyttar ikkje at vi står her inne og veit at fysikk er kjempespennande - vi må ut og fortelja det, sa Leiv Sydnes då han opna seminaret om Fysikknett.no inne i det mørke auditoriet i Allegaten 55. – Interessa for fysikk er aukande og det er også ei stadig sterkare erkjenning av at formidling er vera eller ikkje vera for faget.. Tidlegare har det ikkje vore den heilt store tradisjonen for å driva formidling. No ser vi ei haldningsendring på alle nivå på universitetet, seier førstemanuensis i fysikk ved Universitetet i Oslo, Michael Baziljevich,. Baziljevich som nyleg mottok ein formidlingspris frå forskningsrådet, var invitert til den uoffiselle opninga av Fysikknett.no for å forelesa om eitt av dei sju emna på nettsidene, nemleg sansane. – Fysikken representerer nokre av dei mest fundamentale filosofiske problemstillingane, mellom anna gjennom studiet av sansane. Eit relevant spørsmål er om det eksisterer ei røynd? I Platon si hulelikning er røynda eigentleg berre ein skugge av det som er verkeleg - og gjennom fysiske studier veit vi at hjernen tolkar signal og dannar ei oppfatning av røynda. I prinsippet er det mogleg å påverka nervebanene og gje opplevingar - som gjer at vi oppfattar verda rundt oss annleis. Førebels har ikkje Fysisk institutt ved UiO merka at auka vektlegging av formidling har fått fleire til å velja fysikk, sa Baziljevich til På Høydene. Slikt tar tid, trur han. Det trur også Leiv Sydnes. Amanuensis Egil Fett, som leiar det nye utvalet, peiker på at det er viktig å driva rekrutteringsarbeidet no. Dei aller fleste lærarane er idag over 55 år. Om 10 år kan det vera for seint å drive rekruttering fordi ein da ikkje lenger har aktive lærarar til å ta seg av elevane. Auken av førstesemesterstudentar som seier dei kan tenka seg å studera fysikk steig førre året frå omlag 25 til over 50.
Fysikknett.no er retta mot ungdom, fysikklærarar, ålmenta og media. Tanken er å visa breidda i fysikk med fokus på undring og oppleving. Den skal også presentera moderne fysikk og forsking. Dei siste tiåra har vore eit sorgens kapittel for fysikkfaget med rekrutteringskrise, lærarkrise - og jenter som forsvann. Norsk Fysisk Selskap og Noregs Forskingsråd som samarbeider om den nye populærvitskaplege nettstaden vonar at gjennom å gjera fysikken betre kjent og meir tilgjengeleg vil fleire bli interessert. Forskarar frå UiO, UiB, NTNU og NLH har deltatt i arbeidet med nettstaden - og dei er no meir optimistiske enn på ei god stund.
– Formidling har blitt viktigare
Fysikken og hulelikninga
Med binders, lommelykt, tredimensjonale bilde og trepinnar. fekk Baziljevich dei rundt sytti tilhøyrarane til å gjera eksperiment på seg sjølv og kvarandre. Gjennom eksperiment som “Aristoteles illusjon”, “Hermann gitter” og “Purkinjes tre” viste han at oppfatninga av kva som er røynda er relativ. Til dømes kan ein ved å stira på ein sirkel av eit visst mønster bli “narra” av auga til å tru at den går rundt. Den gjer ikkje det, men det ser slik ut for oss! Kva er då røynda?
Baziljevich er den som jobbar mest aktivt med formidling av fysikk i Noreg - han har no fått eitt treårig stipend for å jobba med formidling. Han er kjend som grunnleggjaren av Astrofestivalen ved UiO som er svært populær. Denne blir i år arrangert for tredje gong. I 1999 leigde han Ekebergsletta for eigne pengar og viste fram ein modell av solsystemet for 5000 frammøtte.
10-15 årsperspektiv
– Rekruttering krev tålmod og langsiktigheit. Vi må tenka både fem, ti og femten år fram i tid, understreka prorektoren ved UiB. Han meiner at slik dei no gjer det på fysikk bør ein også gjera det andre stader ved UiB,
Fysisk institutt ved UiB jobbar no aktivt på fleire frontar for å gjera faget meir tilgjengeleg. Dei har, i tillegg til å delta på utviklinga av Fysikknett.no, danna Rekrutterings, informasjons og Formidlingsutvalget (RiF). Utvalet har mellom anna utvikla nettsider for ungdom, lærarar og andre som synar kva forskning som går føre seg på fysisk institutt. Dei nye sidene viste oppstartskoordinator for RiF-utvalet, professor Jan Petter Hansen fram på seminaret. Hansen er også ein av tre deltakarar frå UiB i utviklinga av Fysikknett.no.
- Arbeidet med synlighetsprosjektet har vore spennande og er egentlig framleis i startfasen. Det å skrive om abstrakt kvantefysikk med det mål for auga at 16-17 åringer skal forstå er veldig krevjande. Men vi har prøvd så får tida visa om vi har lukkast. “Den som ikkje kan forklare forskinga si til ein 14 åring har ikkje forstått det sjølv” skal ein Nobelprisvinnar i fysikk, seier ein engasjert Hansen .
Grensar mot filosofi - og påverkar politikk
Fett fortel at frå hausten 2002 vil Fysisk institutt satsa på å nå elevane i vidaregåande skule tidlegare - og vil vitja dei allereie i 1.klasse. Fett meiner det er mange gode grunnar for å velja fysikk og matematikk som fordjupningsfag i skulen:
– For det første er fysikk er fascinerande. Mange unge er på leit etter eit livssyn. Matematikk og fysikk er i grenseområdet til filosofi. Det er ikkje utan grunn at ei rekkje av dei filosofer som vert omtala i Ex.phil. eigentleg var realistar. For det andre treng samfunnet fysikarar. Grunnlaget for politiske avgjerder er ofte av teknologisk art. Til dømes kan fysikk vera viktig i miljøspørsmål og kan gjennom modellar og analyser gje betre forståing av heilskapen og kan peika på dei mest effektive tiltaka. Fysikk og matematikk danner også grunnlag for ein rekkje yrker med særs gode karrieremogelegheiter, avsluttar Fett.