Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Åtte ledige plassar i Det Norske Videnskaps-Akademi skal fyllast i år. Ein av dei nye medlemmane er professor ved Institutt for fysikk og teknologi, Laszlo Csernai
– Ei stor ære, seier Csernai sjølv.
Vitskapsakademiet er ein frittståande, tverrfagleg organisasjon som arbeider for å fremje vitskap. Organisasjonen er mellom anna ansvarleg for tildeling av Abelprisen, og driv dessutan aktiv møteverksemd og er vertskap for fleire vitskaplege seminar og symposium kvart år. Vitskapsakademiet har 219 ordinære medlemmar fordelt på ei matematisk-naturvitskapleg klasse og ei historisk-filosofisk klasse. – Eg er svært glad for dette. Vitskapsakademiet driv mange aktivitetar og gjev eit godt internasjonalt nettverk. Det finst vitskapsakademi i mange land, og fleire av dei har ei rolle som tilsvarar det norske Forskingsrådet. Slike kontaktar er svært verdfulle. Spesielt kan eg tenkje meg å arbeide med å synleggjere og legge til rette for grunnforsking, mellom anna gjennom Senter for grunnforsking som er nært knytt til Vitskapsakademiet, seier Csernai sjølv.
– Våre medlemmar dannar eit nettverk av framtredande akademikarar som er ressurspersonar i nasjonale og internasjonale samanhengar, seier professor Jan Fridthjof Bernt, som er preses i Vitskapsakademiet.
For å bli medlem, må ein bli foreslått av minst to andre medlemmar. Deretter blir ein vurdert av ein fagleg komité etter akademisk kvalitet, og til sist blir innstillinga frå komiteen lagt ut for avstemming hjå medlemmane. Det er altså eit trongt nålauge kandidatane skal igjennom.
– Vi har som målsetting at dei fremste forskarane i landet skal vere med, seier Bernt.
Forhandlar om prisar
For tida ligg Det Norske Videnskaps-Aakademi i forhandlingar med amerikanske Kavli Foundation om etablering av tre store, internasjonale prisar som skal delast ut på områda nanovitskap, astrofysikk og nevrovitskap. Planen er at prisane skal vere på ein million dollar kvar, og skal delast ut i Oslo annakvart år frå 2008.
– Arbeidet med desse prisane vil vere med på å bringe faglege aktivitetar på høgt nivå til Noreg, og kan bli svært spennande, meiner Csernai, som sjølv har drive forsking både innanfor astrofysikk og nevrovitskap, med fokus på nevrale nettverk.
Dei nye medlemmane av året blir tekne opp på ein seremoni i samband med årsmøtet til Vitskapsakademiet 3. mai.