Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor emeritus ved UiB, Knut Aukland, får Fridtjof Nansens belønning, som er på 50 000 kroner, for framifrå vitskapleg innsats mellom anna innan nyrefysiologi.
Æresprisen blir delt ut frå Nansenfondet som er administrert av Det Norske Videnskaps-akademi.
– Det er hyggeleg - og overraskande- å få prisen, seier Knut Aukland som er 73 år og ikkje har vore i universitetssystemet dei siste seks åra. Fysiologen har likevel langtfrå vore nokon passiv pensjonist, han har hatt seniorstipend frå Noregs forskingsråd og har i det siste drive forsking på hobbybasis.
I innstillinga heiter det at Knut Aukland har levert nyskapande forskingsarbeid av svært høg kvalitet på fleire område. Primært innan nyrefysiologi, som er fordeling av blodstrøm i ulike deler av nyrene, og vidare innan såkalla transkapillær væskebalanse, som tyder vassinnhaldet i vev utanfor blodbanene og det som er i blodet. Innanfor nyrefysiologi er det viktig med utvikling av målemetoder og det viktigaste bidraget han har gjeve er innanfor metodeutvikling. I tillegg til eigne oppdagingar har desse ført til mange viktige oppdagingar både innan basal sirkulasjonsforsking og meir klinisk retta forskning.
Hans seinaste bidrag er ein målemetode for å studera regionale forskjeller i nyrefunksjon. Slik forklararar han det sjølv:
– Menneskenyra har omlag 1 million små filter. Dei filtrerer veske ut i eit rørsystem (tubuli). I ei menneskenyre blir det filtrert omlag 180 liter i døgnet. 179 av dei blir sugd tilbake igjen til blodet. Dette er avhengig av blodsirkulasjon og blodtrykk og det er eindel forskjell på desse glomeruli (filtrasjonseinigane). Vi var interessert i om reguleringa var forskjellig i dei som var plassert djupt og overfladisk i nyrene, dermed måtte vi utvikla ein meode for målingar, seier Aukland, som gjorde dette saman med Olav Tenstad.