Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Etter å ha hatt Høgteknologisenteret som base i ein lengre periode, flyttar no Selskapet til Vitenskapenes Fremme aktivitetane sine attende til ”barndomsheimen”, Bergen Museum. På møtet onsdag 12.mai blei dette markert med avduking av ein veggplansje om Selskapet.
Selskapet til Vitenskapenes Fremme har – som namnet seier – til oppgåve å ”fremme vitenskapelig liv og interesse og spre opplysning om vitenskapen og dens betydning for samfunnet”, som det heiter i Selskapet sin omtale av seg sjølv. Det er eit tverrfagleg akademisk forum som kunne feire 75 år i desember 2002.
– Selskapet vaks fram i tilknyting til Bergen museum. Logoen til selskapet, kunnskapsgudinna Athene, er til dømes henta frå ein byste som heng over inngangen til museet. Denne nærleiken vil vi no markere med plansjen som er hengt opp på museet. Samstundes markerer vi at vi tek møta våre attende til museet, slik at vi får ein meir sentral plassering på Nygårdshøyden, fortel professor Sigmund Grønmo, som er preses i Selskapet.
Selskapet har populærvitskaplege foredrag og ekskursjonar som sine viktigaste aktivitetar. På møtet onsdag, som var det siste dette semesteret, snakka forskaren Dzemal Sokolovic om emnet “Multiculturalism and coexistence: Experiences from Bosnia”.
- Ein viktig del av verksemda vår er å spreie forståing for vitskapen si rolle i samfunnet. Spesielt har debatten etter Ryssdalutvalet si innstilling vist trongen for det. Vi er eit ope selskap, og sjølv om vi rekrutterer mest frå akademiske miljø, skal vi vere eit tilbod til alle interesserte, seier Grønmo, som ser ei utfordring i å rekruttere fleire yngre medlemmar til Selskapet.
Plansjen som no heng i historisk kafé på museet, viser ei oppsummering av historia til Selskapet, mellom anna med bilete av personar som har vore viktige nøkkelfigurar opp gjennom åra. Mellom dei er grunnleggjaren, stortingsmannen og sakføraren Henrik Ameln, og ingeniøren Odd Dahl.
– Det vart sett ned ein komité som har arbeidd med plansjen, og folk frå museet har vore til svært stor hjelp med utføringa. Vi har eit godt samarbeid med museet, og ser fram til at dette skal halde fram, seier Grønmo.
Det er seksjonssjef ved Bergen museum, Morten Steffensen, samd i.
– Vi set stor pris på at Selskapet til Vitenskapenes Fremme vil bruke museet som ramme for sine arrangement, og vi skal legge tilhøva til rette for det, seier han.
Selskapet arbeider jamt med møteverksemd, men no er det også eit større symposium på trappene. Det skal ta for seg Christian Michelsen og kva han fekk å seie for vitskapsbyen Bergen, og skal arrangerast i samarbeid med Christian Michelsens Institutt og Bergen Næringsråd.
Symposiet skal gå av stabelen til hausten, som ei innleiing til hundreårsjubileet for unionsoppløysinga der Christian Michelsen også var ein sentral person.