Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I samarbeid med Vestlandske Teatersenter har Sjøfartsmuseet og Bergen Museum invitert barnehagar og småskuleklassar til teaterframsyning og omvising på museet. Resultatet er eit vinn-vinn-prosjekt: Skulane får dekka ein del av vikingtidshistoria på læreplanen, og musea får vise seg fram for nye publikumsgenerasjonar.
– I Jotunheimen budde jotnane, som var eit slag troll. Dei var dei verste fiendane til både gudar og menneske, forklarer skodespelar Steinar Thorsen frå Vestlandske Teatersenter. Etter framsyninga får borna ei omvising på vikingtidsutstillinga på Bergen Museum, og dei får sjå vikingskipa på Sjøfartsmuseet. Undervisingsleiar ved Sjøfartsmuseet, Lilli Ingvaldsen, fortel om korleis vikingane levde, og ho legg ikkje fingrane imellom når ho skal forklare korleis vikingane drog vestover og plyndra og fanga trælar. Opplegget vart til i samarbeid mellom musea og Vestlandske Teatersenter, som har sett opp framsyninga om Tor med hammaren tidlegare.
Vi er i eit halvmørkt rom på Bergens Sjøfartsmuseum. Kring seg har Thorsen kulissar som føresteller fjella i Jotunheimen og Åsgard, og til å hjelpe seg med framsyninga, har han Tor, Frøya, Loke og jotunen Trym, alle i form av dokker.
Det er eddakvadet Trymskvida som blir spelt. I Teatersenteret si utgåve heiter framsyninga ”Tor med hammeren”. Borna, som mellom anna kjem frå Garnes skule og Ulriken barnehage, ser på i spenning når jotunen Trym snik seg inn og stel hammaren Mjollnir medan Tor søv. Tor set den lure Loke på saka, og det syner seg at Trym kan vere villig til å levere hammaren tilbake, mot å få Frøya til kone. Men Frøya er ikkje spesielt innstilt på å gifte seg med ein jotun. Då får Loke den gode ideen at Tor kan kle seg ut som Frøya, reise til Jotunheimen og hente hammaren sjølv.
– Skulle eg, torevêrsguden, kle meg i kvinneklede? Dunder og brak! Aldri i livet! ropar Tor, til stor begeistring for borna. Men det endar med at Loke overtalar han likevel, og Mjøllnir kjem trygt tilbake til Åsgard.
Stal skattar og menneske
– Vikingane braut seg inn i klostera i England og stal skattane deira, og dei stal menneska og. Dei tok dei med heim og brukte som slavar, fortel ho.
Når besøket er over, er ho sliten, men nøgd.
– Ungane er ei prioritert målgruppe for oss, og vi vonar sjølvsagt at dei skal kome att med foreldra seinare. I dette tilfellet betalar dei litt for teaterframsyninga, men for oss ved museet er dette utan profitt. Men alle som driv kulturtilbod, veit at klarer du å trekke ungane, då har du heile familien, seier Ingvaldsen.
Må utvide tilbodet
– Vi ville gjerne kople framsyninga opp mot eit undervisingsopplegg, og det har vore svært vellukka. Mange har tinga plass fordi det passar inn i det dei driv med på skulen, og eg merkar på responsen frå borna at dei har høyrt om mykje av dette tidlegare, fortel ho.
Tilbodet har vore svært populært. Trass i at skulane og barnehagane må betale for å få sjå teaterframsyninga, står det fleire på venteliste. Framsyningane skulle etter planen gå i ei veke, men vart fort utvida med ei veke til. Nær 1500 skule- og barnehagebarn og lærarane deira vil vere innom museet i løpet av perioden. Til samanlikning hadde Sjøfartsmuseet eit samla besøkstal på kring 12000 i fjor.
– Eg var veldig spent på korleis det ville bli å ha med så mange born rundt på utstillingane, men det har jo gått bra. All ære til dei vaksne som held styr på borna, det er tydeleg at dette kan dei, smiler Ingvaldsen.