Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tryge Knag og Pål Tore Mørkved deler kontor i realfagbygget. Til tider deler dei òg kontor med våte sykkelklede.
– Eg syklar berre når det er fint ver, smiler Trygve Knag.
Han er overingeniør ved Institutt for geovitskap, og har kontor i realfagbygget. I kjellaren kan han setja frå seg sykkelen ein sikker plass, og i underetasjen er det òg ein einaste dusj dei tilsette må dela på. Men kor skal ein gjera av dei sveitte treningskleda?
– Det vert jo til at ein stappar dei ned i ein pose, seier Knag.
– Ein kan ikkje henga sveitte klede på kontoret. Då vert det jo reine treningssenterlukta her, seier senioringeniør Pål Tore Mørkved.
Dei to ingeniørane deler kontor. Og begge syklar; Knag frå Åsane, Mørkved frå Fana.
Sykkelhus i fysikkbygget
I 2013 skreiv På Høyden ei større sak om sykkeltilhøva for UiB-tilsette. Sidan den gong har det mellom anna opna eit nytt, stort sykkelparkeringsanlegg i Professor Keysersgate.
– Me er òg i gang med eit sykkelhus i fysikkbygget. Det skal etter planen vera ferdig til hausten, seier eigedomsdirektør Even Berge.
Sykkelhuset vil ha 114 plassar og vera tilgjengeleg for både studentar og tilsette. Tilgang får ein via nøkkelkortet.
– I løpet av dei næraste to åra er målet at dei aller fleste tilsette skal ha tilgang til trygg sykkelparkering, seier Berge.
Garderobe i samband med anna oppgradering
Knag og Mørkved viser fram sykkelparkeringsanlegget i realfagbygget.
– No er det ganske gode forhold for å setja frå seg sykkelen i kjellaren. Ein kan ikkje setja frå seg dyre syklar ute, seier Knag.
Men i parkeringshuset er det ikkje plass til å setja frå seg utstyr, og i tillegg risikerer ein dusjkø.
– Ein kan sjølvsagt gå opp på studentsenteret og dusja, men det tek jo fort i alle fall eit kvarter ekstra, seier Mørkved.
Even Berge er heilt samd i at det er for få dusjar i realfagbygget.
– Generelt er det slik at der byggjer om så gjer me tiltak òg i forhold til garderobar. Det psykologiske fakultetet får til dømes supre forhold i 1. etasje, og det er dusj og garderobe i Nygårdsgaten 5.
– No kan ein altså parkera sykkelen trygt, og ein får betre dusjforhold. Er det òg UiB si oppgåve å legga til rette for tørking av klede?
– Som arbeidsgivar skal me jobba for å legga til rette for anstendige forhold for dei som ønskjer å sykla eller jogga til jobb. Me har mykje å gå på når det gjeld å legga til rette for å kunne skifta og tørka klede. Når det gjeld tørking er det rett og slett utfordrande å få den fuktige lufta ut av huset, seier Berge.
Pål Tore Mørkved og Trygve Knag er nøgde med å kunne parkera syklane sine trygt. Men dei etterlyser betre garderobeforhold og mogleghiet til å kunne tørka våte sykkelklede. Foto: Hilde Kristin Strand
Campussykkel?
Eigedomssjefen ser gjerne at så mange som mogleg syklar til jobb. Han synest ordninga Festspillene i Bergen no har hatt med gratis bysyklar har vore ei glitrande ordning.
– UiB har opna opp for at FiB-syklar har hatt base både ved museet og ved studentsenteret. Eg skulle på eit møte på Marineholmen ein dag, og prøvde då å få tak i ein sykkel. Men det var ingen ledige, seier Berge.
Eigedomsavdelinga har fått eit innspel frå Studentparlamentet om at dei ønskjer seg campussyklar. Berge synest det er ein god idé.
– Me må sjølvsagt sjå nærare på kostnadane, men dersom UiB kunne finansiert slike syklar saman med kommunen, hadde det vore fabelaktig.