Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Betre samordning av dei kommunale helse- og sosialtenestene var målet for lovutvalet som leverte innstillinga si denne veka. Utvalet var leia av UiB-professor Jan Fridthjof Bernt.
Også professor Kjell Erik Lommerud ved Institutt for økonomi har sete i utvalet, som skulle utreie og kome med framlegg til ei harmonisering av den kommunale helse- og sosiallovgjevinga. Leiar Jan Fridthjof Bernt overleverte utvalet si innstilling til helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen måndag 11. oktober.
Siktemålet var mellom anna å sikre eit heilskapleg tilbod til brukarar som har samansette og kompliserte behov, og å hindre ansvarsfråskriving mellom tenester og sektorar. Samstundes ønskte ein at brukarar, tenesteytarar og kommunar skulle få eit enklare regelverk å halde seg til.
Fleirtalet foreslår mellom anna at kommunen skal ha ei sjølvstendig plikt til å utarbeide ein individuell plan for brukarar som har trong for langvarige og samansette tilbod, og at brukarar som mottek fleire ulike tenester, skal ha rett til berre eitt vedtak som gjeld det samla tenestetilbodet. Utvalet foreslår vidare å forenkle klagereglane, slik at alle vedtak om tildeling av tenester kan påklagast til fylkesmannen.
Dei rettslege skilja mellom tenester i og utanfor institusjon skal fjernast, om utvalet får det som det vil. Dessutan ønskjer utvalet at krava om journalføring skal utvidast til også å gjelde sosialtenestepersonell.