Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når universitetsdirektør Hanne Harlem ved UiO går ut i svangerskapspermisjon i sommar, dreg rådgjevar på Muséplass, Geir Strøm, over fjellet for å få leiingskabalen ved UiO til å gå opp.
Geir Strøm er i dag rådgjevar ved universitetsdirektøren sitt kontor ved UiB. Frå september til april skal han vikariere som assisterande universitetsdirektør i Oslo, medan noverande assisterande direktør Inger Stray Lien rykkjer opp som konstituert universitetsdirektør.
– Eg trur det blir veldig utfordrande, seier Strøm, som avslører at han ser fram til opphaldet.
– Universitetet i Oslo er ein mykje større organisasjon. Universitetssektoren møter ein del felles utfordringar, men dei blir løyste på forskjellig måte ved dei ulike institusjonane. Då førespurnaden kom om å gå inn i denne stillinga, tykte eg ikkje at eg kunne seia nei. Det blir spennande å sette seg inn i det ”indre livet” ved UiO.
Strøm kjem opphavleg frå Tromsø og er utdanna siviløkonom frå Noregs Handelshøgskole. Han har lang røynsle frå universitets- og høgskulesektoren og har mellom anna vore fungerande assisterande universitetsdirektør ved UiB. Medan Strøm er ved UiO, kjem rådgjevar ved kontor for budsjett ved Personal- og økonomiavdelinga, Cecilie Ohm, til å ta over hans funksjonar på Muséplass.