I 1928 vart Geofysisk institutt samla i eit bygg på Florida. Foto: GIF

Byrjar 100-årsfeiring for Geofysen i dag

Publisert

I år er det er 100 år sidan Geofysen opna dørene for første gong.

Det Geofysiske institutt blei raskt heitande Geofysen på folkemunne, og mykje har skjedd i løpet av instituttets eksistens. I 1917 starta det som eit frittståande forskingsinstitutt under Bergen Museum, med Vilhelm Bjerknes og Bjørn Helland-Hansen i kvart sitt professorat. Bjerknes er kjend som den moderne meteorologiens far, mens Helland-Hansen var professor i fysisk oseanografi.

Allereie frå byrjinga heldt Geofysen ein høg internasjonal standard. Fleire kjende meteorologar starta karrieren sin her, blant anna J. Bjerknes, H. Solberg, C.A. Rossby, T. Bergeron og fleire. Av teoretikarar innan oseanografi kan vi nemne J.E Fjelstad,  H.U Sverdrup og Helland-Hansen sjølv. Etterkvart vart det også oppretta ei avdeling for jordmagnetisme og kosmisk fysikk.

Ein ny start med eit nytt bygg

Etter fleire år i midlertidige bygg, flytta Geofysen inn i eit nytt bygg på Florida. Det vart teikna av arkitekten Egill Reimers, og sto klart i 1928. Heilt sidan 1917 hadde bygget vore planlagt, og takka vere ei innsamling frå Bergens borgarar, næringslivet og kommunen, vart det endeleg realisert. Her var det også rom for Vêrvarslinga på Vestlandet og Det meteorologiske observatorium. 

Det nye bygget rommet både vitskaplege og tekniske arbeidsplassar, samt verkstad og lager for mykje måleutstyr.

Instituttleiar ved Geofysen, Nils Gunnar Kvamstø, seier at det nye bygget, som førte til korte avstandar til andre miljø, har vore viktig.

– Det at det vart kort avstand mellom forskarane og teknikarane ga nye muligheiter som vart utnytta til det fulle, og bidrog til banebrytande instrumentutvikling og heilt ny kunnskap.  

Nye undervisningstilbod

I 1948 opna UiB, og Geofysen vart då eit undervisningsinstitutt under Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Dette førte med seg ein del endringar, og dei største var nok at ein måtte etablere både høgare- og laveregrads undervisningstilbod.

På byrjinga av 1960-talet hadde instituttet ein sterk auke i stillingar, med tilsvarande auke i forskingsaktiviteten. 

Tradisjonelt har det vore små studentkull ved Geofysen. Dei siste 10-15 åra har det vore høgare enn tidligare, men det har i det siste vore ein svak nedgang. Kvamstø fortel at dei er litt bekymra for rekrutteringa til kjernefaga, men at dei har sett i gang ei rekke tiltak for å betre rekrutteringa. Dei har trua på at dette vil virke på sikt.

Totalt er det rundt 100 studentar på alle dei tradisjonelle studieprogramma. Dei koordinerer eit masterprogram i energi og eit i sivilingeniørprogram som startar opp til hausten. Dette er eit samarbeid mellom Mat.-nat. på UiB og nokre av institutta på Høgskulen på Vestlandet. Her har det vore svært gledelege søkartal, med heile fem søkarar per studieplass.

Nye metodar

Bjerknes og Helland-Hansen brukte datidas nyvinningar i teoretisk fysikk som rammeverk for å tolke målingar i hav og atmosfære. Resultatet vart blant anna brukt til å kartleggje strøymingsmønster, og å varsle ver. Dei var og opptekne av korleis overflatetemperaturaren til havet påverkar rørsla i atmosfæren. Etterkvart kom det nye forskingstema, og nokre forsvann.

Kvamstø seier at det i dag ser ut til at pendelen har svingt tilbake. Sentrale spørsmål det arbeidast med i dag ligg nær opp til det pionerane var opptekne av i starten. Forskjellen er at no har dei heilt andre metodar og større breidde. I tillegg til forskingsgrupper i meteorologi og oseanografi, har dei i dag også forskingsgrupper i klimadynamikk og biogeokjemi.

Jubileumsåret 2017

I dag startar feiringa av Geofysens hundreårsjubileum med eit jubileumsseminar. Her kjem det mange spennande gjester. Resten av året vil det også bli ulike markeringar, men det endelege programmet er enno ikkje klart.

Powered by Labrador CMS