Geografisk historie

Publisert

Historia om geografimiljøet i Bergen sitt samliv og skilsmisse er komen i bokform. Forfattar er professor emeritus Jens Christian Hansen – som har vore tilsett ved Institutt for geografi sidan 1965.

Det heile fekk ein ganske dramatisk start. Jens Christian Hansen, som leverte hovudfag i geografi ved Universitetet i Oslo i 1959, kom seks år seinare til UiB som universitetslektor. Geografimiljøet ved universitetet var ikkje stort, strengt teke var det berre professor Tore Sund og Hansen. Men etter få månader døydde Sund brått.

– Eg tok det som ei utfordring. Heldigvis tok det ikkje lang tid før det kom fleire tilsette, stort sett frå Oslo, seier Hansen.

I morgon vert den siste boka hans, «Geografi i Bergen. Etablering og utvikling», feira på instituttet. Boka fortel både historia om etableringa av faget, og skildrar personane som har vore viktige.

– Det er tre målgrupper: Dei som har jobba her, boka er mellom anna sendt til fleire enker. Deretter dei som er tilsett ved instituttet no, og i tillegg vil boka verta gitt som gåve til nytilsette, seier Hansen om verket på 947 gram.

Langt samliv
Sjølv om Hansen nesten utan avbrot har vore tilsett ved universitetet sidan 1965, fekk han ikkje kontor i SV-bygget før han var emeritus. Då faget vart oppretta i Bergen i 1936 var det som valfag ved Norges Handelshøyskole. Då faget i 1963 òg vart oppretta ved universitetet, det skjedde då SV-fakultete kom, var det lokalisert hos NHH.

– Geografi var eitt felles institutt. Me forska saman og underviste dei same studentane, men me hadde to budsjett, fortel Hansen.

For dei tilsette var dette ei ordning som fungerte bra. Ved NHH var faget eit valfag, og etter kvart var det nokre av studentane som meldte overgang til universitetet for å kunne ta hovudfag.

Men studentane meinte etter kvart at det var tungvint å reisa til handelshøgskulen for å få undervisning. Samstundes som det vart fleire studentar i Breiviken, vart det dårlegare lesesalsfasilitetar for studentane. Ei stund vart det oppretta ein eigen filial i sentrum, men då NHH i 1999 fekk beskjed frå statleg hald om å minska talet på institutt, var det eigentleg byrjinga på slutten. Då vart geografi ein del av Institutt for samfunnsøkonomi.

– Det tok fem år før me flytta ut. Me tilsette hadde gode fysiske arbeidsvilkår, og det var eit vanskeleg å val å flytta til byen, seier Hansen.

Sømme var den første
I tillegg til å skildra fagmiljøet og samlivet med NHH, tek Hansen føre seg viktige personar i geografimiljøet. Den viktigaste i Bergen er truleg Axel Sømme. Han var den første professoren i geografi ved NHH, og var frå godt borgarskap i Stavanger. Med seg i bagasjen hadde han hovudfag i historie frå Oslo og doktorgrad frå Frankrike.

– Sømme var sjølvoppteken, sjarmerande og dyktig. Han var sosialist og aktiv i Mot Dag, fortel Hansen. Mot Dag var ein kommunistisk organisasjon med mange intellektuelle medlem i mellomkrigstida.

Hansen har skrive om dei som ikkje lenger er tilsette ved instituttet. Men dei som jobbar der no, har fått skriva om seg sjølv. I tillegg inneheld boka ei oversikt over alle dei meir enn 500 som har levert hovudfag og seinare mastergrad ved institutt for geografi og dei snart 40 som har tatt doktorgrad, heilt tilbake til 1970.

– Dette var ikkje berre lett å finna, seier Hansen, som trur det har gått med nærare tre årsverk til boka.

I dag vart det gitt ut ei liknande bok i Trondheim. Asbjørn Aase, som flytta frå Bergen, har gitt ut boka «Et liv med geografi. Institutthistorie og selvbiografi – et faglig livsløp knyttet til utviklingen av Geografisk institutt i Trondheim».

– Eg visste ikkje at Aase skreiv denne boka, og han visste ikkje at eg skreiv mi, seier Hansen om den jamngamle kameraten.

Han seier at for eigen del kom ideen til boka då UiB si historie vart gitt ut i to band.

– Den var oversikteleg, men litt distansert. Dette er ei bok skrive innanfrå. Frå instituttet si side har det aldri vore snakk om at dette er noko ein bør ha: Tilbakeblikk passar for emeritusar. Og så fekk eg jo betre tid då eg gjekk av, humrar Hansen.

Powered by Labrador CMS