Gjekk mot eigne institutt

Publisert

I dag vedtek fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet truleg å lysa ut stillingar som instituttleiarar. Men då styret gjorde vedtak om tilsette leiarar, var dette stikk i strid med det institutta ønska.

– Kvifor kan ikkje institutta sjølve få velja?

Det sa Joakim Palme då universitetsstyret førre veke handsama sak om leiing og styringsform ved institutt og fakultet.

– Krisestemning
I 2009 vart det innført at eit fakultet ved UiB kan tilsetja dekan. Samstundes vart det vedteke at ein kan velja mellom valde og tilsette instituttleiarar, men alle institutt ved eit fakultet må ha same ordning. I dag er det berre Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det psykologiske fakultet som har valde instituttleiarar. Saka til universitetsstyret kom med eit vedtak frå fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet som sa at fakultetet no ønskjer tilsette instituttleiarar.

– Dette har skapt krisestemning, sa Gro Therese Lie, som er professor ved HEMIL-senteret.

Senteret sa i sin uttale at dei ønskte valde instituttleiarar.

– Eg støttar Lie. Institutta ønskjer ikkje dette, sa Lars Peter Storm Torjussen.

Han er stipendiat ved Institutt for pedagogikk.

– Eg kjem til å røysta mot forslaget til vedtak, varsla Torjussen vidare.

– Det kan høyrast ut som mistillit til fakultetsstyret – men det har fakultetsstyret kome med mot institutta òg.

Ville unngå å tilsetja
Institutt for samfunnspsykologi har ikkje teke stilling til om dei ønskjer vald eller tilsette instituttleiarar. Institutt for klinisk psykologi ønskjer tilsett, medan både HEMIL-senteret, Institutt for pedagogikk og Institutt for biologisk og medisinsk psykologi ønskjer valt instituttleiar.

– Me har vore instituttlause for nettopp å unngå tilsette leiarar, sa Lie.

Etter to år utan institutt, valde fakultetet å gjeninnføra ordninga, men med valde leiarar, i 2010.

– Det som har skjedd no, er for mange ikkje heilt greitt, la Lie til.

I papira frå fakultetsstyremøtet heiter det at ein etter ein lengre diskusjon landa på eit vedtak om å vidareføra ordninga med vald dekan, men ønskjer tilsett instituttleiar som forsøksordning dei neste fire åra.

Det var ikkje semje i universitetsstyret då dei skulle fatta vedtak i saka om styringsformer ved fakultet og institutt. Foto: Hilde Kristin Strand

Vurderte unntak
Spørsmålet som kom opp i universitetsstyret, var om ein kunne gjera eit unntak for Det pyskologiske fakultetet og der lata institutta sjølve velja styreform.

– Det er ikkje noko i vegen for at styret kan gjera om på vedtaket  om at alle institutta ved eit fakultet har same styreform. Men dersom me gjer det, må me senda saka tilbake alle fakulteta. Ein kan ikkje sjå vekk frå at at det ulike syn òg ved andre fakultet, sa rektor Sigmund Grønmo.

Fakultetsdirektør Kari Tove Elvbakken sa at vedtaket i fakultetsstyret ikkje var på vippen.

– Dersom det hadde vore det, hadde det vore grunn til å følgja instituttråda.

Ho fekk støtte frå Gry Kibsgaard.

– Eg synest det er vanskeleg å leggja eit fakultetsstyrevedtak til side. Dei har hatt ein høyringsrunde, så institutta har vorte høyrt.

Med knappast mogleg fleirtal, seks (rektor, Gry Kibsgaard, Magne Seierslund, Liv Heidi Ekre, Gerd Halmø og Johan Fredrik Odfjell) mot fem røyster, vart forslaget til vedtaket vedteke. Der heiter det at universitetsstyret godkjenner ei ordning med tilsette instituttleiarar og vald dekan på Det psykologiske fakultet.

Fem åremålsstillingar
I dag har fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet igjen møte. På sakskartet står ei sak om utlysing av instituttleiarstillingar. Stillingane vil vera åremålsstillingar, tilsetjingsperioden er fire år frå 1. august 2013. Det skal tilsetjast leiar til kvart av dei fem institutta, og i forslaget til utlysingstekst står det at ein ønskjer seg ein velkvalifisert forskar, normalt med professorkompetanse og røynsle som leiar innanfor instituttet sine fagområde eller liknande fagfelt.

Framsidefoto: Paul-Erik Rosenbaum 

Powered by Labrador CMS