Gjennom piggtråd og byråkrati til doktorpromosjonen

Publisert

Når 70 doctores blir heidra i Håkonshallen er det ei kvinne som har kjempa hardare enn dei fleste for å vere der. Wafaa Khater (28) frå Ramallah på Vestbreidda stanga hovudet i israelsk byråkrati i fleire veker før ho i siste liten fekk utreisetillatelse til Noreg.

- Mor mi spurte meg kva det er som er så spesielt med denne doktorgradsseremonien sidan eg ville bruke så mykje tid på å få tillatelse til å reise, fortel Khater som disputerte i august 2003 med ei avhandling i fysikk.

Først dagen før ho skulle reise til Noreg fekk den palestinske kvinna klarsignal frå israelske myndigheiter om at ho kunne få reise. Det er ingen flyplassar på Vestbreidda og ho trengde derfor utreisetillatelse frå flyplassen i Tel Aviv, i det som i teorien er halvannan times køyretur frå forstaden til Ramallah der ho er busett. Men ei rekke checkpoints og grensepostar gjer turen frå Ramallah til Tel Aviv både farleg og tidkrevjande – om ein i det heile tatt kjem seg fram.

Ein treng sterk vilje mot israelsk byråkrati

Wafaa Khater lever i ei krigssone der sjølv ei reise på nokre kilometer kan vere eit problem - og det å komme seg ut av landet kan by på nesten uoverstiglege utfordringar, som berre kan overvinnast om ein er svært sta.

- Eg byrja 6.januar med å dra dei 20 kilometrane til kontoret som handterer denne type saker. Eg hadde med meg alle papira mine, men som eg frykta fekk eg ikkje behandla saka mi. Dei sa eg måtte komme att ein annan dag for computerane virka ikkje. Neste dag reiste eg attende, då fekk eg beskjed om at sjefen var sjuk og ingen saker kunne dermed behandlast. Når eg prøvde att påfølgjande dag var køen av menneske så enormt lang at eg ikkje fekk saka mi behandla før kontoret stengte for dagen. Då eg på fjerde forsøk kom meg til kontoret for utreisetillatelse fekk eg beskjed om å komme tilbake dagen før planlagt utreise, så skulle dei sjå kva dei kunne gjere.

- Eg var svært spent på korleis det kom til å gå og var budd på at eg kanskje ikkje kom til å få reise ut den 19.januar som eg hadde planlagt. Då eg kom til kontoret dagen før avreise var datamaskinene igjen ute av drift, og eg tenkte, ja vel, dette kjem ikkje til å gå, men så hadde eg flaks, seint på ettermiddagen ordna det seg og eg kunne gå heim og pakke. Eg vart utruleg letta, det betyr svært mykje for meg å vere her på doktorpromosjonen. Først då føler eg at eg har avslutta doktorgraden fullt og heilt, fortel Wafaa Khater.


Vart redd då ho kom heim

Denne typen audmjuking og vanskeleggjering av livet som Khater beskriv har blitt mykje meir utbreidd dei siste åra, hevdar ho. 28-åringen meiner tilhøva for palestinarar Vestbreidda på alle måtar har blitt mykje vanskelegare på den tida ho har tilbragt i Noreg.

- Då eg reiste frå Palestina i 1998 for å ta master- og doktorgrad ved UiB var situasjonen ikkje så verst. Osloavtala spreidde optimisme og vi levde nokonlunde normalt. Då eg reiste tilbake på sommarferie i 2000 levde folk under gode tilhøve, ein hadde ei kjensle av at utviklinga gjekk framover – og at det fantest ei framtid i Ramallah. Sidan har alt rakna, og det tok tid for meg å venje meg med situasjonen når eg kom attende.

- I byrjinga var eg redd når eg skulle passere checkpoint, eg ville ha følgje av nokon i familien, men ein blir van med det, seier den palestinske kvinna. Ho er no arbeidsledig, men har håp om å få ein undervisningsjobb ved Birzeit-universitetet til våren.

Når Wafaa Khater landar i Tel Aviv kjem bagasjen hennar med alle fysikkbøkene til å bli opna og finkjemma fleire gonger, ho kjem til å bli kroppsvisitert og må forklare seg til politiet om kvar ho har vore. Slik er det berre.
Men no vil ikkje 28-åringen tenke på det. No skal ho feire doktorgraden sin med rettleiar Per Osland og gode venner frå Fysisk insitutt og Fantoft.

- Sjølv om eg har måtta bruke mykje tid på å komme meg hit er det verdt det, det betyr mykje for meg å stå der i doktorgradskappe og kjenne på stemninga i Håkonshallen. Eg trur eg kjem til å vere ganske rørt, smiler Wafaa Khater.

Powered by Labrador CMS