Gjer stas på nye professorar

Publisert

Rekrutteringa er på veg opp, og Det juridiske fakultet har fått fem nye professorar i løpet av året. – Dette er resultatet av ei langsiktig satsing, seier dekan Asbjørn Strandbakken.

Onsdag i førre veke fekk dei fem presentere seg og prosjekta sine for alle dei tilsette på fakultetet. Det er og sett i gang eit leiarutviklingsprogram på juss, som tidvis har slitt med rekrutteringa til akademiske stillingar.

Dei fem ganske ferske er Ragna Aarli (47), Hans Fredrik Marthinussen (34), Bent Liisberg (61), Thomas Eeg (48) og Jørn Jacobsen (35).

Langsiktig prosjekt
Bent Liisberg legg ikkje skjul på at professorkallet har kome over tid.

– Eg kjenner meg igjen i framstillinga til Asbjørn om at dette har vore ein langsiktig prosess over svært mange år, humrar 61-åringen.

No vil ha halde fram på sitt tenestemannsrettslege prosjekt, og sjå på resignasjonsplikt i individuelle arbeidstilhøve.

Ragna Aarli er visedekan for forsking på Det juridiske fakultet, og ho innrømmer at det har ført fokuset over på andre ting enn hennar eiga forsking.

Meir forsking
– Eg har veldig mange planar for fakultetet, men ingen av dei involverer meg sjølv som forskar. Men når det går mot lysare tider og dekanval får vi sjå. Eg blir stadig spurd om sosiale medium, og det er noko eg vil jobbe vidare med.

Som visedekan har ho og sett fakultetet endre seg over tid.

– Frå å vere meir berre ein utdanningsinstitusjon har jussen blitt meir eit forskingsfakultet, seier Aarli.

Litt som AFP
– Då eg blei professor fekk eg høyre at det var omtrent som å få AFP: 100 prosent løn, men berre 60 prosent arbeid. Men så fekk eg vite at det òg var 50 prosent undervisning. AFP-en gjekk i dass, kort oppsummert, seier Hans Fredrik Martinussen, med glimt i auget.

Han har særleg jobba med kredittrett i den tredje verda.

– Eg har lyst å jobbe meir med kamp mot fattigdom og kredittrett i utviklingsland. Heile rettsvitskapen har endra seg mykje dei siste åra, og blitt meir internasjonal, seier Martinussen.

Fløyten av fløyten
Jørn Jacobsen har mellom anna vunne Nils Klim-prisen som framifrå ung forskar.

– No skal eg setje i gang og forske, og tilbake igjen til strafferetten, seier Jacobsen.

Thomas Eeg vil framleis halde seg i familieretten.

– Vi har fått midlar frå Forskningsrådet til å drive eit prosjekt. Vi har fått meir migrasjon, ei utvikling i velstanden, og familiebanda blir endra. Vi vil sjå på om arveretten vi har i dag er tilpassa denne situasjonen, seier Eeg.

Dekan Strandbakken er glad over å ha fått nettopp desse fem med seg på laget:

– Eg vil takke dykk for at de har gått det lange løpet. De er verkeleg «crème de la crème» nå de blir professorar i rettsvitskap!

 

Professorbølgja har gitt fem nye tilsette på Det juridiske fakultet i løpet av 2012. I førre veke fekk dei kake, og fri mikrofon til å fortelje om prosjekta sine. Frå venstre Jørn Jacobsen (35), Hans Fredrik Marthinussen (34), Bent Liisberg (61), Ragna Aarli (47) og Thomas Eeg (48). Foto: Dag Hellesund

Powered by Labrador CMS