Gjev god karakter til gjennomføring av UiB-val

Publisert

Ei evaluering av UiB-vala i vår viser at det er naudsynt med eit integrert valsystem. Valstyret er likevel stort sett nøgde med gjennomføringa av vala.

– Rektorvalet gjekk veldig fint når det gjaldt teknisk avvikling, men også den politiske delen med valkampen er vi nøgde med, seier sekretær for valstyret, Per Gunnar Hillesøy i ein kommentar til evalueringa. Han seier at valstyret likevel ser det som litt uheldig at styrevalet kom så kort tid etter rektorvalet – og at valet på ny rektor difor bidrog til å drukne merksemda rundt universitetsstyret.

Ein del tilsette ved Universitetet i Bergen reagerte på at valet til universitetesstyret vart gjort via studentportalen, og at det var noko tungvint å få stemt.

Fekk klage

Eit problem med manntalet gjorde at om lag ein fjerdedel av dei som har stemmerett ved UiB fekk tilgong til å stemme elektronisk nokre dagar forseinka. At ikkje alle velgarane fekk tilgong samstundes var hovudpunktet i ei formell klage på valet. Denne vart handsama av den sentrale klagemnemnda ved UiB onsdag 22.juni men klagar fekk ikkje medhald. Mellom anna vart dette grunna med at dei likevel fekk ei veke på seg til å stemme.

Hillesøy er likevel einig i at valsystemet var tungvint. Også for valstyret som i valet til Universitetsstyret måtte overføre stemmer manuelt til eit oppgjersprogram. Det førte til at resultatet i gruppe C vart forseinka.

– Vi ser problemet og ville gjerne at det hadde vore lettare. I framtida ønskjer vi å framstå med eit eintydig og integrert valsystem som skal vere lett å bruke, seier Hillesøy.


To ulike valformer

Han fortel at årsaka til at ein ikkje kunne nytte det same valsystemet ved valet til universitetsstyret som til rektorvalet var at dette er to ulike valformer. Til rektorvalet som er eit såkalla fleirtalsval kunne ein derfor nytte eit innleigd system frå NTNU som var skreddarsydd for eit slikt høve, men dette let seg ikkje tilpasse til dei andre vala.

- Valet til Universitetsstyret var det vi kallar eit preferanseval der det er ein del rekneoperasjonar knytt til den enkelte stemmesetel. Det er ikkje NTNU-systemet tilpassa, seier Hillesøy som håpar at dei til neste år vil ha eit nytt, meir permanent elektronisk valsystem på plass.

Powered by Labrador CMS