Gjorde Biomedisin barnestyrt

– Kan du høyre hjartet mitt? – Nei! Du er daud. Det går for seg når Institutt for biomedisin inviterer ungane med på jobb.

– Eg har hatt ideen nokre år, men i ein travel kvardag tek det litt tid å få det sett ut i livet, fortel seniorkonsulent Linda Vagtskjold, som organiserte den spennande dagen saman med dei andre entusiastiske tilsette ved Institutt for biomedisin. 

Arambha Shrestha (6) og Eskil Nygård Foss (6) høyrer på hjartet til Erik Helgeland. Men det er jo ingen lyd! Er han daud? Foto: Dag Hellesund

Planleggingsdag
Bli med på jobben-dagen var lagt til ein planleggingsdag for både skule og barnehage, og dermed var det mange tilsette som kunne jobbe i staden for å vere heime og passe ungar.

Og undervisningsopplegget var både solid og kvalitetssikra: I tillegg til tilsette som delte kunnskapen sin på ulike stasjonar, var det fagansvarlege for kvar gruppe, gjerne i form av ein professor, for å sikre at kunnskapen blei korrekt formidla til ungane frå barnehagealder og oppover.

Ungane i barnehagealder fekk lære om antatomi, sansar og det å vere lege. Første og andreklassingane fekk mellom anna høyre på hjartelyd, og fekk høyre på dei ulike lydane som kjem frå hjartet.

– Vi har sjekka lukt og smak, og sett auge, øyre og hjarte. Og så nokre greier eg ikkje har peiling på, fortel Eskil Nygård Foss (6).

– Ultralyd?

– Ja! Det var gøy!

Ingrid Aarsæther (10) og Ulrik Olsen (9) får prøve seg som kreftforskarar, med god hjelp frå Justyna Kmiecik. Foto: Dag Hellesund

Kreftforskarar
Og instituttet stoppar ikkje ved doktorleik med stetoskop: Ungane i tredje til femte klasse fekk prøve seg som kreftforskarar i laboratoriet, og sjå skilnaden på friskt vev og kreftsvulstar i mikroskop.

– Vi har sett på celler, og høyrt om kva foreldra og besteforeldra våre jobbar med. Viss cellene deler seg mange gonger og ikkje stoppar får vi kreft. Det var spennande å sjå på. Pappa jobbar her, og eg visste at han undersøkjer celler, fortel Ingrid Aarsæther (10).

Og etterpå venta det quiz, med kommentarar som «Gratulerer! Du har strålande utsikter som kreftforskar!» om ein fekk alt rett. Etter ein halv dag på instituttet blei ungane sende av garde til VilVitesenteret, for endå meir utforsking.

Marta Chekenya Enger fortel ungane om kreft. Ei britisk undersøking gjort av Macmillan Cancer Support viser at ungar veit svært lite om sjukdomen. Enger skal og ha den same aktiviteten under Forskingsdagane. Foto: Dag Hellesund

Kan kopierast
Vagtskjold melder om stor entusiasme blant dei mange vaksne deltakarane som var med på å arrangere.

– Eg har ikkje fått nei frå nokon eg har spurd om å gjere ulike oppgåver, seier Linda.

Og det var ingen tvil om at dei 64 ungane som var med koste seg.

– Vi syns alle at det var eit spennande arrangement, og oppmøtet var veldig godt. Dette er noko som andre godt kan kopiere, seier instituttleiar Rolf Reed.

June Tronstad (12) og Julie Tronstad (9) har lagd DNA-smykke med eigenprodusert DNA. Foto: Dag Hellesund
 

 Inni kolben ligg ein bit av DNA-tråden til June. Foto: Dag Hellesund

 

 

 

Powered by Labrador CMS