Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fleire hundre skuleelevar var samla til matematikkfest på Festplassen i går. Med H. M. Dronning Sonja og Abelprisvinnar John Willard Milnor til stades var det leiken som stod i fokus.
I samband med Abelprisutdelinga vart det arrangert Abelfest på Festplassen i går. Over 700 skuleelevar fekk bruke dei kreative evnene sine på rebusløp og ulike stasjonar der leik med matte var viktigare enn svaret i skulebøker. H. M. Dronning Sonja deltok i ivrig samtale med skuleelevane. Storstilt dugnad – Dette har vore ein stor dugnad, og mange frivillege har jobba hardt for å få i stand arrangementet, seier han. Mellom anna stilte meir enn 50 elevar frå Tanks og Nordal Grieg vidaregåande skule opp for å rettleie skuleelevane gjennom oppgåvene og aktivitetane på dei ulike stasjonane på Festplassen. Sigmund Grønmo, og professor ved Matematisk institutt, Hans Munthe-Kaas. Takknemleg prisvinnar – Det å få unge til å velge realfag er ei utfordring i mange land, også i USA, men det virkar som om de gjer noko riktig i Noreg. Det å gå inn for ei bevisst satsing på realfag er viktig. Eg skulle ønske vi kunne sjå ei liknande satsing i USA, sa han til På Høyden. Abelprisvinnaren vart motteken som ei filmstjerne av skuleelevane. – Det var spesielt og artig å bli bedt om autografar frå ivrige skuleelevar. Abelprisen har vore eit fantastisk arrangement, sa Milnor. Adrian Brudvik (frå v.), Ingvild Laastad og Anna Aase frå klasse 1A ved Tanks var blant dei mange elevane frå vidaregåande skular som hjalp til ved stasjonane under Abelfesten.
Tiltak og arrangement for å fremme interessa for matematikk blant barn og unge er eit viktig mål for Abelprisen. Abelfesten, som gårsdagens arrangement på Festplassen, vert kvart år arrangert i ulike norske byar i samarbeid med eitt av landets universitet. I år var turen komen til Universitetet i Bergen. Professor Hans Munthe-Kaas ved Matematisk institutt har vore sentral i avviklinga av arrangementet.
Æresgjestane H. M. Dronning Sonja og Abelprisvinnar John Willard Milnor lét seg tydeleg fenge av skuleelevane sitt engasjement. Abelprisvinnaren har stor sans for tanken bak matematikkfesten.