Go to gate!

Publisert

– Vi vil ikkje ha studentar gåande rundt i gangane på jakt etter informasjon. Den gjer vi dei her, seier Hege Aarethun ved det nye informasjonssenteret på SV-fakultetet.

Studentar som heng i gangen utanfor rettleiaren sitt kontor og ventar på audiens, eller nye studentar med nervøst ganglag som ikkje veit kvar forelesninga skal vere er historie.

Eit sentralisert informasjonskontor og ekspedisjon for alle fire institutta debuterer no med sitt første semestermottak. SV-fakultetets vrimleareal kan minne om ein flyplass, der ein altså sjekkar inn i skranken for å få time hjå rettleiar, utdelt nøklar, kjøpe artiklar eller få informasjon om kvar og når ein skal gå på forelesning.

Får svar på det meste

No er det stille før stormen, som kjem når informasjonsmøta ved kvart enkelt institutt går av stabelen. Straumen av studentar er likevel konstant framfor den delikate informasjonsskranken.

– Unnskyld, eg lurte på kvar eg finn ei korktavle, lurer ein ung student.

– Eh, eg er faktisk ikkje sikker. Sjå bak hjørnet der, seier Rita Aalhus i skranken.

– Han kunne spurt om nesten kva som helst, men akkurat det med korktavle har eg faktisk ikkje tenkt på, seier ho til På Høyden.

– Hei, vi går eigentleg på Mat.nat og lurte på om det er plass på Stat 100.

– Berre vent, så skal eg sjå i Portalen, seier Kristina Jones blidt. Her er nesten ingen spørsmål for vanskelege.


Likar å jobbe i team

Studentane spør om alt mogleg, men det går mest i kvar forelesningane er og kvar Studia er. Den nye modellen, med samla informasjonstenester, er ein del av omorganiseringa av dei administrative tenestene ved SV-fakultetet. Dei tilsette er svært nøgde med den nye ordninga. Etter ei rad kurs og samlingar der tilsette frå insitutta og den sentrale administrasjonen på SV-fakultetet deltork er dei både positive og samansveisa.

– Først var vi som kom frå institutta i første nokså lunkne til planane. Vi var redd vi ikkje var kompetente til å gje informasjon til alle studentar. Men det har gått over all forventning.

– Vi har fått andre arbeidsoppgåver, og vi har auka kompetansen vår i ganske stor grad. No kan vi informere om utdanningsplanar, og rettleie studentar frå andre fag. Jobben har faktisk blitt meir interessant, seier Line Fjellhaug som er kontorleiar ved Institutt for sosialantropologi.

– Ja det har definitivt hjulpe på kompetansen å samle ressursane, seier Hege Aarethun

– Så har vi det veldig kjekt saman. Det er mykje triveligare å jobbe i team enn å sitje aleine på kvar sitt institutt, seier Fjellhaug.


Har stengt ekspedisjonen

For på SV-institutta er det mykje stillare enn før. Både Institutt for medie- og informasjonsvitskap og Institutt for sosialøkonomi har lagt ned ekspedisjonen.

No skal alle slusast gjennom Informasjonssenteret i underetasjen i SV-bygget.

– Er det ikkje lenger mogleg å gå direkte til rettleiaren? Kva med den sosiale kontakten ein gjerne hadde før?

– Vi meiner at studentane har fått eit betre tilbod. Korleis det var før veit vi ikkje så mykje om for å være heilt ærleg. Vi er nok veldig kvalitetsreformstyrte no for tida, flirer Hege.

Og skulle det vere meir ein lurer på kan ein jo sjå etter på dei digitale infotavlene for kvart enkelt institutt. Desse heng i gongen utanfor informasjonssenteret på SV. I opningsveka kan studentane få hjelp av såkalla terminalvakter for å finne fram.

Dei som ikkje klarer å finne fram til rett fag i rett tid no, bør kanskje komme igjen til neste år.

Powered by Labrador CMS